Kategorier
Frontlosjefestival

Kunstnarprofil: Martijn Joling

Vi guidar deg gjennom skattekartet og slik at du kan bli betre kjent med scenekunstnarane og framsyningane på Frontlosjefestivalen 2022. Festivalen er ei skattekiste med dans, teater og scenekunst, med perlar og diamantar frå både inn- og utland.

Den første kunstnaren ut er Martijn Joling og framsyninga Clean Bastards.

TID
Fredag 25. februar
kl. 20.00

STAD
Kongesalen

Er det slik Martijn får dei gode ideane sine?

Eg heiter Martijn Joling. Eg er fødd og oppvaksen i Nederland, der eg òg studerte og tok min bachelor i dans. No bur eg i Drøbak i Noreg, og har dei siste åra fokusert meir på å lage mitt eige arbeid. Clean Bastards blir den første heilaften framsyninga mi.

Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022 

Ved å utfordra kryssinga mellom ei framsyning og eit sjølvhjelpskurs, tar dei tre dansere for seg den fysiske handlinga å vaske under lupen.

Korleis vil du skildre scenekunsten din?

Dance. 

Martijn i sitt/det naturlege element

Kvifor ville du sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?

Ein av mine meddansere, og medartister, råda meg å søke! Han var med på den førre runden av festivalen, og fortalde om det vidare til meg. 

Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten din? 

Til dømes har det å vere ute i naturen vore bra, både for meg og arbeidet mitt.

Eg flytta faktisk til Noreg berre nokre dagar før lockdownen starta. Covid19 har definitivt påverka den kreative prosessen min, men har òg gitt meg meir rom til å tenke. Det har sjølvsagt vore veldig frustrerande med både utsetjingar og kanselleringer, men gjennom alt dette har eg funne nye måtar å gjere arbeidet mitt på. Saman med partnaren min har vi fått framført duetten vår over 60+ gangar i 2021, ute og for mange menneske som aldri har sett dans før.

Prototypen på 2000-tals nederlandsk sk8erboi

Kva ser du mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?

Dele det nye stykket mitt med eit bergensk publikum.

Kva saknar du å sjå i feltet, og kunne tenkt deg å sjå på Frontlosjefestivalen 2024? 

Fleire ikkje-dansande artistar i publikum på danseframsyningar.