Kategorier
Frontlosjefestival

Kunstnarprofil: Anna og Berit Einemo Frøysland

Vi guidar deg gjennom skattekartet og slik at du kan bli betre kjent med scenekunstnarane og framsyningane på Frontlosjefestivalen 2022. Festivalen er ei skattekiste med dans, teater og scenekunst, med perlar og diamantar frå både inn- og utland.

Dei neste kunstnarane ut er Anna og Berit Einemo Frøysland og framsyninga Den skamfulle dansen

TID
Torsdag 24. februar 
Kl. 20.00

STAD
Kongesalen

Anna og Berit er tvillingar, me kjem frå Lærdal i Sogn og har treårig utdanning innan samtidsdans. Berit har nyleg flytta tilbake til Noreg etter å ha budd og verka i Stockholm og Berlin i mange år, medan Anna har arbeidd med base i Oslo.

Me har skapa både film- og sceneverk saman heilt sidan studietida. Me har fått støtte til å gjennomføre fleire av prosjekta våre, i 2020 skapa me førestillinga Spil – ein studie i Wittgensteins språkspel, som blei spelt både i Lærdal og Berlin. Same året blei me vald inn i Den Norske Opera og Ballett sitt pågåande koreografiske program «Kvinneleg koreografisk satsing» som duo. Det nye namnet på den koreografiske duoen deira er «Syna» (?).

Berit maksar kor mykje det går an å røre på foten inni skoa. Foto: Hallgrim Hansegård

Me arbeider mykje saman, i tillegg til å gjere individuelle prosjekt. For Berit er skriving ein viktig del av hennar kunstnarlege verke, medan Anna for tida er nysgjerrig på dans og erindring, ho skal mellom anna koreografere for ESC dansekompani i Bergen i 2022.

Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022 

Den skamfulle dansen er ein duett som byrjar med ei vill takt inni skoen. Me blandar mange ulike sjangrar, som performance lecture, eit detaljert danserikt formspråk, song, skodespel og historieforteljing til å seie noko om sjenanse og skam i det å danse og bevege kroppen i eit sosialt rom.

Anna til venstre og Berit til høgre. Eller var det motsatt? Foto: Hallgrim Hansegård

Kvifor var det så skummelt å danse på diskotek i den gymsalen som 12-åring slik at eg berre turte å røre tåa så vidt inni skoen? Ei stemme seier: Lær av deg sjenansen, og alt vil bli bra! Me vil invitera publikum med inn i fridomens rike, eit velkonstruert luftslott fullt av grubleri og ynskjer velkommen til å bli med på reisa til ei taktfull tå!

Kvifor var det så skummelt å danse på diskotek i den gymsalen som 12-åring slik at eg berre turte å røre tåa så vidt inni skoen?

Korleis vil de skildre scenekunsten dykkar?

Scenekunsten som me skapar saman er ofte fysisk og detaljert. Når me jobbar på golvet kan me bruke ganske lang tid på å lage sjølve rørslene og likar å arbeide oss gjennom fleire «filter». Kombinert med nitidig og fokusert arbeid, likar me å veksle til å arbeide meir intuitivt, her finn me mykje inspirasjon frå kvarandre, me kan kome inn i ein flyt av idéar som er heilt spesiell for oss! Me er begge glad i å gjere research og er generelt nysgjerrige på det meste, me finn mykje inspirasjon frå litteratur, film, filosofi, bygningar, anna scenekunst og større strøymingar i samfunnet. Me syns det er gøy å tørre å tenkje stort og knyte trådar frå ulike felt opp mot kvarandre. 

Prosessen med å utvikle ein ny idé bølgar ofte mellom ei aktiv utviding av eige tankesett og ei fokusinnskrenking: kva er det me vil sei? Det faktum at me er to gjer at me heile tida må vere lydhøyre for kvarandre, slik at me begge har kjensla av at me skapar dette saman, sjølv om arbeidsoppgåvene kan få lov å arte seg litt forskjellig.

Kvifor ville de sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?

Anna let sjenansen slippe! Foto: Hallgrim Hansegård

Me hadde høyrt om festivalen gjennom kunstnarisk leiar Ingrid og me diggar hennar driv og gjennomføringsevne. So me tenkte at dette er ein heilt topp mogligheit til å pushe seg sjølv til å prøve ut nye idear, samt å bli kjend med dei andre kunstnarane og nettverket rundt. I tillegg har Frontlosjefestivalen eit støtteapparat med mentorordningar, residensar og seminar som me synes var givande. Og så elskar me Bergen!

Dette er ein heilt topp mogligheit til å pushe seg sjølv til å prøve ut nye idear

Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten dykkar? 

Den største påverknaden for vårt duoarbeid har kanskje vore at me ikkje hadde moglegheit til å arbeide i same rom fysisk, då me budde i to ulike land. All idémyldring måtte føregå på telefon og videosamtale, det tok vekk mykje av gnisten og kreativiteten i seg sjølv. Anna følte at alt det kunstnarlege arbeidet var redusert til sjølvoppfunne administrativt arbeid og venting. Ein kan trygt sei at motivasjonen var på sitt absolutte lågpunkt i karrieren! Berit vurderte seriøst å slutte å drive med scenekunst, det kjentest som om ting ikkje skulle bli noko betre. Heldigvis kom motivasjonen gradvis tilbake for begge ettersom aktivitetsnivået tok seg opp att etter gjenopning.

Kva ser de mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?

Å sjå dei andre kunstnarane sine verk er noko me gler oss til, spesielt no som me har møtt kvarandre. Det er så mange gode idear og flinke kunstnarar med. Og så gler med oss til å syne publikum denne nye verda me har skapt på scene. Med full gass!

Testar ut scena på Cornerteateret!

Kva saknar de å sjå i feltet, og kunne tenkt dykk å sjå på Frontlosjefestivalen 2024? 

Godt spørsmål! Det verkar som det generelt er mange produksjonar for tida, det er veldig kjekt å sjå. Me set pris på ærlige forsøk der det ligg ei spesiell interesse bak for dei kunstnariske vala ein tek, ein personleg (men ikkje nødvendigvis privat) inngang. Kanskje me kunne ha tenkt oss å sett noko med live musikk, det er alltid spanande