Frontrom: Debatt om samtidsteater

Fredag 21. februar kl. 17:00 på Cornerteateret

Kvar skjer med det nye, utforskande og utfordrande samtidsteateret i Bergen?

Frontlosjefestivalen 2020 har eit ekstra fokus på ferske teater-initiativ. I samband med to av teaterframsyningane vi viser i år, legg vi opp til ein eigen panelsamtale der vi sett søkelys på samtidsteater i regionen. Med oss på laget har vi Cornerteateret og Bergen Dansesenter.

I dag er det frie teaterfeltet i stor grad er prega av dei same aktørane. Dei nye tilskota finn vi stort sett innanfor fysisk teater og barneteater, som har mange dyktige stemmar. Men kva med samtidsteater? Sjølv om det per i dag ikkje er nokon direkte høgare utdanning av scenekunstnarar i regionen, har vi både utdanningar og fritidstiltak som kan gi ein alternativ veg inn i kulturfeltet. Men med status som erfarne amatørar eller semi-profesjonelle, kan det vere vanskeleg å passe inn under eksisterande tilskotsordningar. Gjer dette at vi går glipp av spennande kunst?

Vi etterlyser fleire  nye initiativ som dreg samtidsteater-feltet i nye retningar og gjer det attraktivt for scenekunstarar å kome til Bergen. Vi har trua på at eit meir aktivt miljø av nyutdanna og semi-profesjonelle scenekunstnarar vil kome heile scenekunstfeltet til gode, og vil gjerne sette i gang ein tankeprosess for å betre kåra for det ferske teateret.

Bli med oss å ta debatten over fredagsmiddagen!

I stjernepanelet sitt:
Marit Eikemo – dagleg leiar Cornerteateret
Lisa Nøttseter – nestleiar Bergen Dansesenter, tidl. fagleg utval for dans i Kulturrådet
Camilla Liby Clausen – rådgivar for Scenekunst, film og kulturnæring i Bergen kommune
Sara Bruteig Olsen – frilans teaterkunstnar
Ingvild Dirdal Bjørnson – produsent for kompani KATLA, masterstudent i teatervitskap

 

Etter debatten fortsett vi kvelden med to blodferske teaterframsyningar på Cornerteateret.

17:00 Debatt og middag
19:00 RE:RE:RE: av Kompani KATLA | Søylesalen
20:30 ALL FROGS ARE GAY av Michaela Gettwert | Kongesalen

 

Dette arrangementet er ein del av det faglege programmet til Frontlosjefestivalen 2020, men krev inga påmelding. Middag og debatt skjer i samarbeid med Cornerteateret og Bergen Dansesenter.

 

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ