Festival-UFO: Grov Productions

Under Frontlosjefestivalen 2018 vil dansekompaniet Grov Productions presentere ei arbeidsvising, eller eit uferdig objekt (#UFO), av produksjonen Her past in their present now. Vi har snakka med dansekunstnar Brita Grov om bakgrunnen hennar og kva vi kan vente oss når UFOen til kompaniet landar Cornerteateret fredag 23. februar.

Du har utdanna deg ved Laban Centre London. Kvifor valgte du å starte eit eiget kompani?
Eg følte eg hadde behov for å skape noko som eg er interessert i og hadde behov for å utrykke det meir. Så det var på tide å starta mitt eige og gjera det eg ville og det eg var nyskjerrig på…

Etter å ha vore ute i den store verda, kva gjer at du ønsker å ta med deg kompetansen din attende til Vestlandet?
Eg er jo født og oppvokst på Vestlandet og etter å ha fått litt meir erfaring, føler eg meg meir komfortabel til å utforske uttrykksformane mine  i heimlandet mitt.

 
Kva handlar Her past in their present now om?
Hehe, det handlar eigentleg om meg sjølv… Eg bruker berre dei andre dansarane til å utrykka litt av meg og noko av det eg har følt på opp gjennom åra. Eg har sjølv diabetes type 1 så det har skapt mange fysiske og psykiske påkjenningar opp gjennom åra. Så framsyninga er basert på kjensler og hendingar frå mine eigne og dansarane sine personlege følelsar rundt det å vera frustrert. Tankar rundt kroppspress, det å vera konfliktsky, sta, anspent, stress, ha panikk, pust og usikkerhet er noko av det stykket bygger på.

 
Kvifor vel du å jobbe med så personlege tema?
Jo, for det er noko som har vore med å skapa meg som person og den eg er i dag og det er enklare for meg å jobba med det i dansen. Eg veit meir kva eg er ute etter.


Kva kan publikum vente å sjå under Frontlosjefestivalen?
Dei kan vente å sjå mykje pusting frå 5 kvinner med ulike etniske bakgrunner og fysikk.

Når blir premieren på det ferdige verket?
Frontlosjefestivalen i 2020? Kanskje før?

Kva ville du ha gjort om du vart bortført av ein UFO?
Eg ville ha sett verda frå eit heit anna syn og kanskje skrive ei bok?

Derfor har vi Grov Productions på plakaten

Brita Grov har vist talent og engasjement som koreograf for ESC ungdomskompani her i Bergen. Vi tykkjer det er modig at ho brukar sin eigen kropp og historie som utgangspunkt fram framsyninga si. Ved å ta med fem dansarar frå London på scena, gir ho festivalen eit internasjonalt tilsnitt, og i håpar at Brita vil slå fleire røtter som dansar i Bergen i åra framover.

Vi syner Her past in their present now i Søylesalen på Cornerteateret fredag 23. februar kl. 18.30.

-Ingrid og Ragnhild

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

Tags: , , , , ,