Kategorier
Frontlosjefestival

Festival-album

Vi fyller tomrommet etter Frontlosjefestivalen med med bilder

Hei, no er Frontlosjefestivalen over for denne gang.

[insert tomrom here]

Vi hadde det utruleg kjekt; med seks ulike og unike framsyningar og enda fleire kunstnarar som vi er så stolte over! Det var tid for å vere sakleg med seminar og bransjekaffi, og mykje moro med pinata, festivaldrink, frontposer og ikkje minst så bra eit publikum! Ein blir liksom litt tom for ord etter ei så bra helg. Så medan vi ladar batteria til neste festival i 2020, er det berre å glede seg over Jørn Lavoll sine fantastiske bilder.

Velkommen til vår søte festival! Pass på at du ikkje får hol i tennene.

Ragnhild hadde høgtidelig utdeling av Frontposen til dei dyktige damene som åpna festivalen med seminar; Elin Grinaker, Anne-Linn Akselsen og Vera Krohn Svaleng.

Første framsyning ut var arbeidsvisninga Allegro for to av Kvadratteatret. Vi møtte klovnane Bobbo og Lombardi som haldt eit foredrag om teoretisk kjærleik, som kur mot einsemd.

Papirvinger med Ine Terese Hogstad, Kyuja Bae og Hanne Vatnøy viste framsyninga What Shines, om dei små og nære tinga som skapar det store bildet i verda.

På dag to fekk vi ein skikkeleg power-oppvisning frå dansarane i Grov Productions i arbeidsvisninga Her Past In Their Present Now.

YVA Theatre Company sitt maske- og mimespel bergtok oss med både humor og alvor med The First Time I Saw the Sea.

I Randiane Sandboe sitt nydelege scenebilde for Put Out the Light, prøvde Mirte Bogaert og Vincent Stephen å finne eit nytt nam til døden.

TGO//4332 avslutta heile festivalen med lys, lyd og skugger i Your Guess is as Good as Mine

Hadet på badet og velkommen tilbake i 2020!

Bonus: det ligg enda fleire bilder på facebook.

– Ingrid og Ragnhild

Legg igjen en kommentar