Kategorier
Frontlosjefestival

Frontrom, tomflaskar og stearinljos

Sjekk ut dei fyrste bileta frå årest beste torsdag!

Vi er i gang!

Dag ein på Frontlosjefestivalen starta med eit fagleg fyrverkeri av eit seminar. Tenk at vi har ein eigen festival der vi kan intivitere dei kulaste kidza i klassen! Inspirasjon er gull.

Poet, forfatter og scenekunstnar Fredrik Høyer gjekk inn i djupna om korleis hans reise med å etablere sin kunstnariske signatur utarta seg.

Refissør Marie Nikazm gav oss eit eklektisk innblikk i korleis ho tenker som kunstnar (more is more!)

Scenekunstnar Hildur Kristinsdottir slo eit slag for prosjekskildringa, og fortalte oss korleis ho strategisk nyttar søknadsarbeidet som ein del av den kunstnariske prosessen.

Deretter fekk vi sjå Lina Taule Fjørtoft sin høgst flygedyktige UFO (uferdig objekt): Gjennom arbeidsvisning og samtale på scenekanten vart vi kjend med vesle Rita og dei uvanlege vennane hennar.

Yohei Hamada tok med seg halen sin for å gjere kvelden komplett, med stemningsfulle japanske stearinlys og lange skuggar.

Med godt besøk av bra folk kunne vi ikkje ha bedt om ei betre opning!

Og så var det barnet vårt, da. Verdas ferskaste, vakraste og mest ambisiøse piñata er på plass.

– Ragnhild og Ingrid

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ