Endeleg er det fjalerveke! Vi gleder oss til å kome attende til fagre Sunnfjord, og får dagane før avreise til å gå med å førebu oss for årets festival.
Noko må fiksast, andre ting må berre pakkast.
Vi har kikka på programmet og laga oss ei løype (for det er jo ikkje eit spørsmål om kva vi skal sjå, men når vi skal sjå det), og håpar vi får billettar til alt (det er jo så populært).
I år er vi mellom anna spent på Hendingar (det var jo så stas i fjor), Sail away with me (for da får vi oppleve noko heilt for oss sjølve), 11 år (for den har vi høyrt så mykje bra om), SOS Dobrie (spennande form, betimeleg tema), Det foldalske teater (for kva i heile verda er dette for noko?) og Fredagskved på øyra (det trur vi bli magisk).
Og eigentleg heile resten av programmet. Det er vanskeleg å velje. Men da er det jo flaks at det er mogleg å få med seg tilnærma alt.
I tillegg gler vi oss til å vere i vår eiga vesle festivalhule, gjerne saman med halve Dale. I år ønsker vi velkommen til Frontloungen i Badet – velkommen inn!
– Ingrid og Ragnhild
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler