I år har Frontlosjen fått æren av å vere festivalbloggarar på Oktoberdans 20.–29. oktober – det gledes!
Dei neste vekene skal vi dele små og store inntrykk frå den internasjonale dansebiennalen med base på USF Verftet. Innlegga vil bli posta parallelt på frontlosjen.com og bit-teatergarasjen.no, sidan vi jo gjer oss godt i breidda.
Følg oss på snapchat og instagram for lågterskel oppdateringar gjennom heile festivalen. Brukarnamn: frontlosjen
Og medan du ventar på neste framsyning kan du varme opp både kropp og sjel med denne spelelista.
Kom, bli med oss på dansefestival!
– Ragnhild og Ingrid
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under oktoberdans 2016