I går åpna Noregs fyrste offisielle Fringe festival med stor fest og fyrverkeri (bålpanne) på cornerteateret. Vi elsker fest, og vi elsker teater og vi har alltid hatt ein draum om å dra på fringe festival, så dit måtte vi sjølvsagt!
Er det fringe så er det fringe. Vi gjorde alt i kunne for å gli rett inn i omgivnadane.
Fyrst fekk vi ein liten smakebit på kva som er i vente dei neste dagane, med aktivitet i alle rom både ute og inne.
Teatro Pomodoro ønska velkommen med Cabaret From The Shadows
Teatervitarane var sjølvsagt på plass på plass.
Absence Crew beviste for oss kor lite spreke vi er med utdrag frå Oldschool.
Awake Projects gav oss ein snikktitt på kostymene i I’m Purple Bitch!
På ein (nesten) heilt vanleg måndag i september var det kjekt å sjå fullt hus og mange nye fjes.
Snora vart klypt og opningsframsyninga, I am somebody av Sirqus Alfons, gjekk av stabelen i Kongesalen.
Før framsyning var selfiefaktoren høg…
… og etterpå fekk vi leike i scenografien.
Det var alt frå Norway Fringe (for denne gong), no går turen til Fjaler!
– Ingrid og Ragnhild