//Teaterfestivalen i Fjaler – festivalblogg//
Høg kompetanse og imponerande lagånd blir trekt fram
som dei store fordelane til produksjonshuset i Fjaler.
PreForm
PreForm er ein organisasjon og eit produksjonshus som legg til rette for kunst- og kulturproduksjon i Fjaler, med scene, visningslokale og lydstudio. Det er eit tilbod der utvalde kompani kan kome til Dale for å jobbe med utviklinga av nye framsyningar. For mange kunstnarar og kompani er dette eit verdifullt tilskot, for det kan vere vanskeleg å finne gode produksjonsrom.
Ein av årets produksjonar som deltek i kunstproduksjonsordninga er the Krumple – eit internasjonalt teaterkompani som jobbar med utgangspunkt i ein fysisk teatertradisjon. Dei har arbeidd med framsyninga SOLA på Samvirket scene sidan 10. august, fram mot premieren under årets teaterfestival.
Da hadde planen om samarbeid eksistert ei stund allereie. Det var Ingrid Hansen, som er dagleg leiar i PreForm, og Torkil Sandsund i teaterfestivalen, som tok kontakt med kompaniet da dei skulle søke om å realisere PreForm-prosjektet for nokre år sidan. Da skreiv dei eit intensjonsbrev for å tydeleggjere at ja – det er absolutt interesse og behov for eit slik prosjekt i Fjaler.
Oda Kirkebø Nyfløtt saman med barn og ektemannen Vincent Vernerie (utøvar, manus, regi).
SOLA blir til
No som PreForm er ein realitet, passa det godt å ta den nye nyaste Krumple-prosjektet til bygda. På førehand eksisterte ei grovskisse for kva kompaniet tenkte framsyninga skulle bli. Men Oda Kirkebø Nyfløtt, som er produsent og dramaturg for produksjonen, seier at det meste har blitt til under perioden Dale.
– Vi hadde tre av scenene frå før, medan resten har blitt skapt, testa ut og sydd saman på Samvirket scene, seier Oda.
Sjølv er ho ute i mammapermisjon, medan resten av teamet har jobba samanhengande produksjonen den siste månaden.
Delar av scenografien vart bestilt på førehand, men kompaniet lagar òg mykje sjølve. Frynsene som heng ned frå taket er til dømes laga heime på kjøkengolvet i ledige stundar. Når sceneelement må bestillast, tek det rett nok litt lengre tid å få tak i enn når ein er i ein større by. Men i Dale er det til gjengjeld alltid hjelp å få
– Når vi plutseleg innser at vi har noko nytt som må syast, spør vi Ingrid Hansen. Ho høyrer litt rundt, og så trør nokon i bygda til med symaskin. Det som er kult med ein liten plass: alle kjenner alle og veit kven som kan kva.
Og når dei rett før premiere innsåg at dei trengte konfettikanonar, var løysinga å få dei frakta saman med nokon som uansett skulle dra frå Oslo til festivalen.
Kompetanse og lagånd
Oda seier det er imponerande korleis det finst så mykje kompetanse på så mykje forskjellig som trengs i ein produksjon i Dale. Anten det er lydtekniske spørsmål, eller bygging av scenografi.
– Det gjer at ting du ikkje trudde skule fungere her fungerer likevel.
Dette er med å løfte fram PreForm som ein verdifull produksjonsarena. No gler Oda seg til Samvirket blir rehabilitert i året som kjem. Det blir kjekt å kome attende ein gong i framtida når fasilitetane mætsjar kompetansen. For the Krumple har heilt klart planar om å gjere fleire produksjonar i bygda:
– Det er ein slags lagånd her i Dale som er så utruleg verdifull!
SOLA vart spelt på Teaterfestivalen i Fjaler 09. og 10. september på Samvirket scene.
Av og med the Krumple. Utøvar, manus og regi: Vincent Vernerie, med-regissør: Jo Even Bjørke, dramaturg og produsent: Oda Kirkebø Nyfløtt, utvikling og scenografi: Frode Gjerløw, lysdesign: Agathe Patonnier, lyddesign: Cédric Colin, lys- og lydteknikar: Yasin Gyltepe, kostymeassistanse: Madeleine F. Røseth og Madeleine Barosen Herholdt. Framsyninga er støtta av Norsk Kulturråd og Dramatikkens Hus, og er utvikla i co-produksjon med PreForm, Fossekleiva Kultursenter og Teater Vestland.
//Frontlosjen er faste frivillige på Teaterfestivalen i Fjaler kvart år. Da er innhaldet vi publiserer ein del av festivalbloggen//