Kategorier
Festival Podcast

Podcast-bonanza

Len deg tilbake og start mimringa til teaterfestivalen i Fjaler med Frontlosjen og Dr. Watsons nerdete og folkelige teaterpodcast.

Frontlosjen og Dr. Watsons nerdete og folkelige teaterpodcast fra Teaterfestivalen i Fjaler består av åtte episoder. Dei vart spelt inn i det triveligaste studioet vi kan sjå for oss, nemlig i bestefarstaua – der Jacob Sande vart fødd. Derfor synast vi podcastane vart ganske trivelige og. Det overordna temaet for podcastane er det samme som på festivalen: RAS. I både direkte og inndirekte form, akkurat som at ein kunne trekke inn denne tematikken både bokstavleg og meir metaforsk i forestillingane. Vi tør påstå dette er viktig dokumentasjon av eit øyeblikk norsk teaterhistorie.

dsc05884

Den siste podcasten er ein godbit kor vi oppsummerer festivalen saman med professor i teatervitskap, Knut Ove Arntzen.

No kan du høyre alle podcastene. Anten som eit avbrekk frå forestillingsanalysen vi veit du driv på med, eller som eit alternativ til å sjå på dårlege TV-seriar vi garantert veit du følger med på. Len deg tilbake og start mimringa tilbake til festivalen. Eller blir litt svartsjuk for at du ikkje reiste dit, og dermed må innsjå at du skal sette av datoen for neste festival allereie no!

dsc05883-1dsc05781

Episoden med Tormod Carlsen er spelt inn på Joker på Grytøyra

dsc05891 Storinnrykk av publikumarar under den siste innspelinga.

 

Legg igjen en kommentar