Kategorier
Festival

Meir babyteater for vaksne, takk!

Kvar blir det av plastiske sceneelement som raslar berre for å rasle?

Det fine med teaterfestivalen i Fjaler er at det er forestillinger for dei fleste målgrupper; også dei yngste. I år er det babyoperaen Korall Koral. Ofte høyrar vi kommentarar som «teater for babyar? Går det an da?» Og svaret på dette er eit klart og tydeleg: JA! Og det er minst like artig å sjå på publikum som det som skjer på scena.

DSC04865

Ofte er det trygge atmosfærer, publikum sitt ofte på golvet i eit inkluderande scenerom. Det er sjeldan ei kronologsk handling, men ein flytande dramaturgi der det handlar om å sanse, kjenne på musikk, rørsle, lydar, fargar. Litt som å vere på konsert med klassisk musikk eller kunstutstilling. Bortsett fra at det gjerne kombinerer begge desse i eitt.

DSC04852DSC04858DSC04848

Vi ønskar oss meir slikt teater for oss vaksne! Ikkje berre visuell og performativ scenekunst, vi snakkar sanseteater: abstrakt deltakande teater med mjukt teppe på golvet som varar i berre 40 minutt. Etterpå vil vi leike med sceneelementa og rasle i kulissane.

Det hadde vore digg det.

– Ingrid og Ragnhild

Bileta er tatt på

Korall Koral – Idé og regi: Hanne Dieserud og Christina Lindgren – Musikalsk komposisjon: Maja Solveig Kjelstrup Ratkje – Scenografi og kostyme: Christina Lindgren – Utøvarar: Elisabeth Holmertz, Hanna Gjermundrød – Produsert av Dieserud/ Lindgren i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett og Riksteatret.

 

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler 

Legg igjen en kommentar