KJÆRE G-d: Samtale med høgare makter i Skatehallen

//Teaterfestivalen i Fjaler – festivalblogg//

I dag har KJÆRE G-d premiere på teaterfestivalen, men Fjaler-eventyret starta alt i januar.

KJÆRE G-d

I kjellaren til Samvirket bryt ei skarp, kvit ljosstråle inn i mørkret som omgir skaterampe og publikumsstolar. Ole Mads Vevle gjer dei aller siste førebunigane før premieren fredag kl. 18:00.

Enkeltpersonsframsyninga sklir rett inn i årets festivaltema, som er Tru. Det vi skal få oppleve, er ein slag samtale mellom Ole Mads og Gud. Den er inspirert av ein jødisk måte å be på innanfor hasidisme, som heiter ”hitbodeut”. Her er tanken at du går til ein stad du kan vere for deg sjølv, til dømes ein skog eller ein kjellar, kor du samtalar med Gud og lettar hjarte ditt. Ole Mads snakkar til Gud som ein fortroleg venn; ein kan vere forbanna, sint, eller euforisk.

Samstundes ligg det eit anna utforskande lag i framsyninga, der eit religiøst (teistisk) livssyn blir sett opp mot eit sekulært (ateistisk) livssyn. I spenninga mellom dei to ligg det store eksistensialistiske spørsmålet. Ligg det ein plan bak? Publikum blir mellom anna presentert for bibelhistorie, teologi, evolusjonsteori og leiande teoriar om religionane sine opphav.

Vinteropphald på Jakob Sande-tunet

Ein tidleg januardag ankom Ole Mads eit snøkvitt Dale, for å ha eit kunstnaropphald ved Jakob Sande – senter for forteljarkunst. Etter det byrja snøballen å rulle.

– Eg hadde eit produktivt opphald og fekk jobba godt, seier Ole Mads. Tekstarbeidet til framsyninga var alt i gang da han kom til Dale, og etter to veker hadde han nok materiale til ei 45 minutters arbeidsvisning i Løa.

For det er nemleg ein del av avtala med Sande-senteret: kunstnaropphaldet skal ende opp i ei visning.

– Det er kjempefint å få vist fram materialet i ein sånn setting, seier Ole Mads. Over kaffi og biteti fekk ei lita korona-venleg samling diskutert det dei hadde sett og moglegheitane vidare.

– Det verkeleg eit reflektert og kulturinteressert publikum i bygda.

I dette tilfellet siktar Ole Mads til mellom anna Torkil og Miriam, i tillegg til to prestar og ein ordførar (om rykta stemmer).

Og dei likte visst det dei såg, for ein time etter samtala hadde festivalleiinga bestemt seg: Jo, dei ville absoultt ha Kjære G-d til Fjaler – og årets tema passar perfekt!

Kunstnaropphald gjer vegen brei

Befaring for spelelokale vart gjort alt i januar, og Torkil landa på Skatehallen i kjellaren til Samvirket. Eit nytt arbeidsopphald vart avtala i august, denne gongen som ein del av festivalen og Preform.

Dermed kunne framsyninga i løpet av to veker bli spesialtilpassa til spelerommet.

– Lokalet er akkurat passe dunkelt. Det blir ordentleg mørkt, samstundes som det er litt lysinslepp, slik at det ikkje blir skummelt eller trykkande.

Og når lokale og festivalvisning var intensjonsfesta, opna nye dører seg for prosjektet. Residency gjer at ein får definert prosjektet tidlegare, som gir intensjonsravtaler, som gir friske produksjonsmidlar, som gir verkstadsveker og nye samarbeidspartnarar. Osb.

Ole Mads fekk mellom anna avtale med ein tekstdramaturg gjennom Dramatikkens hus. No møtes dei i samtale att i Radio Fjaler, fredag kl. 14.30.

Ole Mads trur absolutt at kunstnaropphald er ei god hjelp når nye produksjonar blir til.

– Vegen blir breiare på grunn av Sande-senteret og festivalen.  Visninga i dag gir òg moglegheit for vidare liv.

Dette med ”vidare liv” for produksjonar og kunsntarkap er nettopp litt av rolla til Preform. Ole Mads har alt ny intensjonsavtale med preform.

–  Eg kjem attende neste år for å jobbe fram ny framsyning. Det er veldig stas å få kome hit, og for oss i Bergen er det stas for oss at vi no er ein del av det same fylket.

Ole Mads har vore gjest på festivalen i to år tidlegare, og tenkte at her hadde det vore kjekt å delta!

Hellig! Hellig! Hellig!

Attende i notida snakkar Ole Mads om det han likar mest med scenekunst.

– Det mogleggjer å snakke og handle på ein annan måte.

I denne framsyninga, til dømes,  er det eit tidspunkt der han ropar ut ”hellig! hellig! hellig!”. Kvardagens spelerelglar tillèt ikkje slike utbrot.

– Du kan ikkje stille deg opp på eit torg eller liknande å proklamere ”Hellig!”. Da hadde eg blitt stempla som galen, det passar seg ikkje.

Men i framsyninga kan han det, og det blir godt å få rope litt i ei framsyning som elles er nedpå. Kanskje det blir ein befriande augenblink for oss som ser på òg.

KJÆRE G-d speles 10. september kl. 18:00 og 11. september kl. 17:00 i Skatehallen/Samvirket.

Av og med Enkeltmannsforetaket / Ole Mads Vevle. Framsyninga er støtta av Dramatikkens Hus, Norsk Kulturråd og Bergesenstiftelsen, Bergen Kommune og Fritt ord. Lokal produksjon er støtta av PreForm og Jakob Sande- senter for forteljekunst.

//Frontlosjen er faste frivillige på Teaterfestivalen i Fjaler kvart år. Da er innhaldet vi publiserer ein del av festivalbloggen//

//Ole Mads Vevle deltok på Frontlosjefestivalen 2020//