Kategorier
Festival

Hurra for livsstilsteater!

Bli med oss å opplev teater som sosial hending i festivalperiferien.

Frontlosjen har vore på besøk på Fyllingsdalen vidaregåande skule, der tredjeklassa på dramalinja jobbar iherdig for å ferdigstille eit av Oktoberdans’ mest fascinerande framsyningsprosjekt. Durcheinander vises på Fyllingsdalen vgs måndag 24. oktober kl. 18.00.

dsc06085

BIT-produsent Tina ønsker velkommen inn i durcheinanderprosjektet før fotballen tek oss.

Det er litt komplekst, dette prosjektet deufert&plischke har sett i stand ute i Fyllingsdalen. Men likevel så enkelt. Kom. Delta i skapinga av eit heilt nytt teaterrom saman med dyktige lokale ungdom. Kanskje oppstår det magi av det – i ein lapskaus av sanseintrykk og kule folk. Dette er teater som sosial hending.

dsc06178

Thomas Plischke likar å jobbe med ungdommane frå dramalinja.

Den laurdagsettermiddagen Frontlosjen er innom, er gjengen klare for gjennomkøyring i tre ulike spelerom. Elevane blir delt inn i tre grupper (kid – ghost – twin) og går laus på oppgåvene med stor seriøsitet. For no er det dei som driv showet – kunstnarane frå Tyskland trekk seg meir og meir attende og let dei unge aktørane ta over. Og i følge det tilreisande kompaniet gjer dei ein knalljobb.

dsc06094 dsc06163dsc06167

Alle er med på å skape framsyninga aktivt.

Det er ikkje mykje som minnar om eit klassisk scenerom på den vidaregåande skulen. Til og med blackboxscenen har opna for vindauga ut mot fotballbanen, og det svartmåla rommet liknar like mykje på ein verkstad som ein teatersal. Men det er slike rom deufert&plischke  likar. I jakta på eit nytt episk teater ser skaparane av Durcheinander på teateret som ein livsstil og eit fenomen (noko vi som livsstilbloggarar kan seie oss heilt samde i). Teaterrommet eksisterer ikkje som eit bygg – det er meir «a state of mind», meiner Thomas, som er utsendt frå kompaniet. Karaterar, tekst, dans – heile den sosiale hendinga bygges opp i eit samarbeid mellom aktørane og publikum.

dsc06126

dsc06187dsc06134

På måndag vil ting sje samstundes og i fleire ulike rom.

Og i Fyllingsdalen skjer dette ganske bokstaveleg. Aktørar og publikum skapar i fellesap ein unik teatermagi i små grupperom, klasserom og gangområde på skulen. Whorkshops, happenings, fellesdans. Alt skjer durcheinander – hulter til bulter – og samstundes, med mange folk på relativt lite areale.

– It’s gonna be a complete mess! seier Thomas begeistra.

dsc06198

dsc06124 dsc06116Utkledningsklede og andre props er viktig når eit teater skal byggast opp.

Men sjølv om du som publikummar ikkje får lov til å sitte stille i mørket på denne framsyninga, trur vi ikkje set kjem til å bli skummelt. Oppgåvane er enkle og det er rom for å vere både passiv og aktiv. Dessutan er elevane flinke og inkluderande i sitt arbeid, så det er ikkje vanskeleg å la seg rive med.

Det er faktisk ikkje så vanskeleg å kome seg ut der heller, det går mett med bussar til Oasen. Og om du allierer deg med nokon på vegen, blir gjerne opplevinga ekstra kjekk. Ja til Brecht-resepsjon i periferien!

– Ragnhild

 

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under oktoberdans 2016

5507-1

Legg igjen en kommentar