Heia Dale

Åh, som vi diggar Teaterfestivalen i Fjaler! Det er like kjekt å kome kvart år, og vi gler oss alt til september 2018. I mellomtida mimrar vi med stadig fleire bilete frå ei bra bygd fylt med bra folk.

DSC06647

Blå himmel prega årets festival, sjølv om temperaturen var noko lågare enn i 2016.

DSC06654

Det er alltid mange tilreisande under festivalen, både som gjestar, tilsette og frivillige. Her representert av Camilla, Helena og Tina fra team Bergen.

DSC_197621762586_911771948970040_8280496714646808688_o

Foto: David Zadig

Minikafeen til Petter bidrog til god stemning før framsyning. Vi åt kake neste kvar dag! Og is….

IMG_20170916_161548_896

DSC_1981

Veldig kjekt med opent hus i Klokkargarden, slik at vi kunne kome innom for litt økosofisk snæks.

DSC06648

På glaset til Allmuen fekk folket lov til å gje sine attendemeldingar til festivalen. Fint tiltak av Innsiden ut.

DSC06642DSC06641

På familiedagen kunne ein kjøpe landskapsrelaterte souvenirar. Dei var òg å finne i teltet til Tormod (Radio Fjellom), som skaffa seg eit fint vinstativ på gjenbruksauksjon laurdag.

dsc06651

Radio Fjellom hadde for øvrig nokre av dei finaste kulissane i år. Det kunne vi sjå på medan vi høyrte på dikt og åt popcorn. Dette likte vi! Regissør Tormod Carlsen vant ein vinflaske på auksjon ved å gjette kor lenge menneska har brukt kobber.

21741184_911334935680408_2250284623900125536_o

Foto: David Zadig

DSC_1985

Også årets Festivalsymposium om antropocen fann stad med vakkert bakteppe.

21688148_912457162234852_3549964639003828358_o

Foto: David Zadig

DSC_2102DSC_2113 DSC_2107

Det er så fint å kunne oppleve ein konsert som er lagt til venuen «Hagen til Roald og Reidun Hovland». Og så oppi eit tre attpå til!

21752634_910019225811979_5973942162002518844_o

Foto: David Zadig

DSC_2119 DSC_1987DSC_2122

Det har vore veldig triveleg å lage podcast med ulike aktørar frå festivalen – takk for praten! Og ein stor takk til David Zadig, som tek som mange fine bilete av oss.

-Ingrid og Ragnhild

PS. Vi er ikkje dei einaste som skryt av festivalen. Les òg kva Gustav Skaar og Firda skriv.

 

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler