Etter ei halv veke på festival i Toronto, er det tydeleg at dei slit med akkurta det same her som heime: god dramaturgi. Det er spennande å sjå nye stemmar som forsøker nye å gå sine vegar innanfor scenekunsten, ofte med viktige og delvis tunge tema. Det er tydeleg at aktørane under årets SummerWorks vil noko med kunsten sin og i Canada er det nok forhaldet til urinnvånarane som opptek flest – tett etterfulgt av LHBT-spørsmål.
Men så var det dette med dramaturgien da. Det er så vanvittig stor skilnad på dei som har knekt den koden og dei som dett i fella. Anten det er upresist, rotete tekstar, overtydeleg narrativ i koreografi eller berre alt for langdrygt. Er det slik at det er umogleg å kombinere ferske stemmar med smart oppbygging? Vi håpar ikkje det.
DIVINE er eit nyskrive teaterstykke og tidvis veldig underhaldande. Hadde berre teksten vore stramma opp litt, slik at dynamikken vart betre og det vart hakket lettare å følge handlinga.
Vi såg framsyninga 8. august.
Less er ein av framsyningane på SummerWorks kor ein virkeleg ser teknisk talent på scenen. Stykket er langt på veg, men må ein bygge ein klassisk narrativ gjennom allereie talande dansesekvensar? Kropp, rørsle og tematikk er tydeleg. Når ein i tillegg byrjar å spinne historiar, dett det rett over i klisjeen.
Vi såg framsyninga 10. august
Nashville Stories er kanskje eit kroneksempel på ein produksjon som treng oppstramming. Mindre støy, meir oppstramming og aller helst ferre folk på scenen. Det blir vanskeleg å nyte den litt absurde forteljinga om ein trist Garth Brooks når det er så mykje vimsing heile tida. Høg intensitet er eit fint verkemiddel, men da er det desto større krav til å vere presis og tenke godt gjennom oppbygginga.
Vi såg framsyninga 7. august.
– Ingrid og Ragnhild
DIVINE. Written by Natalie Frijia; Directed by Claire Burns; Assistant Director Molison Farmer; Dramaturgy Emma Mackenzie Hillier; Performed by Amanda Cordner, Aviva Armour-Ostroff, Christina Bryson, Sarah Naomi Campbell, Haley Garnett and Rehaset; Ensemble Annie Yao, Sabah Haque, Kathleen O’Reilly, Khadijah; Producer Sedina Fiati; Associate Producer Olivia Marshman; Set Design by Christine Urquhart; Lighting Design by Imogen Wilson; Costume Design by Sage Paul; Sound Design by Suzie Balogh; Fight Director Louisa Zhu; Assistant Fight Director Erin Eldershaw; Stage Managed by Lin-Mei Lay. photo by John Gundy
Less. Created by Ryan Lee; Performed by Benjamin Landsberg, Ryan Lee and Samuel Davilmar; Lighting Design by Simon Rossiter; Stage Managed by Inga Bekbudova. photo by Richard Rhyme
Nashville Stories. Written by David Bernstein and Jake Vanderham; Directed by David Bernstein; Produced by Jake Vanderham; Performed by Cynthia Ashperger, David Bernstein, Stephanie Cozzette, Kaleigh Gorka, Brendan Flynn, Teresa Labriola, and Jake Vanderham; Choreographed by Alyssa Martin; Costumes by Liza Kelly; Lighting Design by Eric Bartnes; Stage Managed by Scott Phyper. photo by Ian Brown