Kategorier
Festival

Frontlosjens festlege festspelrapport

Vår festlege oppsummering av festspela tjuenitten

Festspillene er over for denne gong, og vi sitt att med ei rekkje inntrykk – både store, små og middelmådige. Stort sett er vi ganske nøgd med det vi har sett, men kjensla av at noko manglar i programmeringa er gjennomgåande. Kva skjer med aktualiteten?

Den innbilt syke

Mikael Persbrandt. Kva er det med Mikael? Vi mistenker at ein kunne satt Mikael på scene saman med gråstein, og det hadde blitt gull! (disclaimer: ja, vi veit han truleg er eit r-hol. Her snakkar vi om handtverket). For skal vi vere ærlege, teksten til Moliere er ikkje så spanande, og kanskje ikkje heilt opp i dagen (i alle fall ikkje i denne tolkinga). Men det gjer ikkje noko! For vi får servert ei framsyning som så til de grader leiker med teatret sine premissar og formar, og slik metahumor er alltid artig. Så når Mikael, saman med Petra Mede, Johan Wahlsröm & co, stadig bryt manus, kommenterer handlinga og sett kvarandre ut av spel, heng framsyninga på bristepunktet til samanbrot. Men kvar gong klarar dei å hente seg inn att, og det er kanskje nettopp det, som gjer framsyninga så bra. For dette krever skodespelarar som har full kontroll på både kateter og teknikk.

Tør vi håpe på meir av dette når Stefan Larson inntek sjefsstolen på DNS neste år?

 

Echo Flux

Dette er den første framsyninga kuratert av den nye teatersjefen på Carte Blanche. Vi hadde håpa på eit lite brot frå Hooman, men dette er Carte Blanche på sitt vante. Litt forfriskande er det at det er to framsyningar i eitt, slik at ein får to heilt ulike framsyningar etter kvarandre. Eller, dei har jo begge utgangspunkt i eit samarbeid med koreograf og komponist, men uttrykket er blitt ganske ulikt. Og det fine med dette er at ein kan få kvar sin favoritt.

Den fyrste delen, the departed heart, var prega av flotte lår og skulderparti – litt kul, litt keisam. Del to, Primal, gjekk over til ei framsyning som skapar eit vidt spekter hjå assosiasjonane våre, frå mennesker i ulike stadium i liva, til det dyriske og brutale i mennesket (samstundes som det er på festival). Mykje futt (og med det publikumsfrieri), det kan vi leve godt med.

Men vi vart mest opphengt i kostyma.

 

Manes

Vi kjøper det! Her blir vi tatt med inn i ei nærast postapokalyptisk verd (det er i alle fall ikkje noko sivilisert samfunn), der mat, sex og vold styrer den primale skuta. Men sjølv om tablåa tidvis er ganske snedige, er det tilskodardramaturgien som fascinerer mest: på mesterlig vis går framsyninga gjennom ulike fasar med publikumsinvolvering. I starten flokka vi oss rundt ulike tablå med store installasjonar, der vi måtte kome til dei. Så braut dei gradvis opp, og aktørane snirkla seg mellom tilskodarane, slik at alle fekk sine nære opplevingar med enkelte aktørar, utan å ha oversikt over kva som skjedde i ein annan del av rommet. Heile vegen utfordra dei oss med å bane veg gjennom massane med voldsom fart (her er ingen trygge!). Etter kvart tok aktørane over området midt i rommet, og publikum vart pressa ut i ein sirkel – før dei til slutt lurte alle over på ei, og så den andre sida. Det kallar vi god publikumsdramaturgi!

Manes vart sett opp fyrste gong i 1996 (mellom Beyond Thunderdome og Fury Road, for dei som deler assosiasjonen). La Fura dels Baus meinte det var på tide å sette opp stykket på nytt i vårt motoriske og tekniske samfunn, for å «trekke seeren mot det dyriske og instinktive, selve essensen i mennesket.» Det er no så, vi er mest imoponerte av at det kunstnariske konseptet har tålt tidas tann i så stor grad.

 

Ways of seeing

Årets må-sjå er unnagjort! Endeleg fekk vi sett framsyninga som provoserte så mange, både dei som har sett den, dei som kanskje har sett den, dei som har høyrd om den, dei som har tenkt på å sjå den, og ikkje minst dei som ikkje har sett den. Vi prøvde så godt vi kunne å sjå på framsyninga utan å tenkje så mykje på konteksten. Ho tek opp fleire tunge og viktige element, i tillegg til overvåkingsproblematikken, er konfliktar i både algerisk revolusjon og krig mot kurdere sentralt. Det blir faktisk for mykje, og framsyninga blir tung og lang (her kunne ein gjerne ha spart litt av kruttet til ei anna framsyning).

Store delar av handlinga, fortel aktørane om korleis dei har ligge timesvis i skjul utanfor husa til utvalde  aktørar dei meiner opererer i gråsona mellom rett og galt. Dei blir namngitt, og det (etter kvart så mykje omtala) sceniske grepet der dei har filma generiske villastrøk har ein fin, litt ubehageleg effelt. Vi får ein del  saksopplysning om kva desse mørkemennene (og den eine kvinna), men lite inngåande problematisering av handlingane deira. Derfor var det fint at vi fekk bli betre kjend med Kjetil Lund, og at han klarte å belyse saken på ein måte som gjorde at vi kunne sjå den frå fleire sider. Og så hadde han så fine anekdotar. Ways of seeing hadde vore ganske middelmådig utan Kjetil Lund.

Vi håpar at dette er starten på ein ny tradisjon, der FiB på kort varsel kan finne rom for viktige framsyningar som pregar scenekunstnoreg.

 

NAV betaler

Borgarteater er og blir sjarmerande. Bergen borgarscene får ofte litt kritikk for at replikkane verkar for bearbeidd og innøvd, det er liksom ikkje autentisk på riktig måte. Og sant nok, NAV betaler serverer nokre temmeleg teatrale fraser undervegs. Og av og til må vi verkeleg legge godviljen til når sufflien står på som mest. Men det tykkjer vi ikkje at er så rart, i grunnen. For kva gjer vel folk som ikkje er vant til å stå på ei scene når dei blir sett på ei scene? Legg seg på ein postdramatisk ny-autentisk frekvens utan flosklar og fiksfakseri? We think not.

NAV betaler har ein gjeng sjarmerande aktørar på laget, som det er fint for oss som publikum å bli kjend med. Nokre kunne vi rett nok godt ha kome meir inn på, dei vart litt anonyme og vage i sine forteljingar. Historiene var sterke og genuine, slik dei gjerne er, og NAV-problematikken er noko dei fleste kan kjenne seg stressa over. Dette kan fort bli oss! Kva gjer vi da? Lagar borgarteater?

Pluss for lavvo utanfor, så satsar vi på at byens eiget kvardagsekspertteaterprosjekt får lov til å halde fram med å vokse og utvikle seg. Noko godt er på gang, med eit breitt publikumsgrunnlag som varmar kulturkjerringhjarta våre.

Vi skulle gjerne ha sett fleire lokalt forankra prosjekt på FiB – i det minste festspelproduksjonar frå fleire sentrale scener enn Carte Blanche. Frontlosjen meiner at Festspillene burde ta eit større ansvar for å utvikle og styrke også det lokale kulturfeltet, det er det rom for ved sidan av storslåtte konsertar og nysirkusframsyningar.

 

The Sandman

Akk, Wilson! Du bist unsere liebling. Vi er enno ikkje lei av å sjå dei perfeksjonerte signaturtrekka til regissøren, og det trekk heller ikkje ned at ensembelet frå Düsseldorf er så sjukt presise og dyktige i både song og rørsle.

Misforstå oss rett, vi tolar meir Wilson. Men det finst fleire store teaterskaparar der ute; kva med å variere litt? Bieito og Wilson har vore her nokre gongar no. Det må da gå an å finne fleire stor-fisk som gleder både kulturkjerringar og mindre bevandra publikum.  Det heile krinsar attende til det evige spørsmålet: har eigentleg festspelcrewet peiling på kva som rører seg i scenekunstfeltet?

– Ragnhild og Ingrid

 

akkreditert mjøl i posen // vi mottok pressebilletter til Echo Flux, Den innbilt syke, og NAV betaler. Resten for eiga rekning. 

Kredz:

Den innbilt syke

  • Stefan Larsson regi, bearbeiding
  • Jens Sethzman scenografi, lysdesign, rekvisitt
  • Nina Sandström kostymedesign
  • Nathalie Pujol masker, parykk
  • Mikael Berg regiassistent, sufflшr
  • David Nyström musikk, film
  • Sven-Åke Heed oversetting
  • Mikael Persbrandt, Petra Mede, Jessica Liedberg, Johan Wahlstrцm, Alexandra Zetterberg Ehn, Pelle Grytt medvirkende

Echo Flux

Forestilling I: the departed Heart

  • Alban Richard koreografi
  • Daphne Mauger koreografiassistent
  • Sebastian Rivas komponist
  • Rachel Garcia kostymer
  • Max Bruckert sound
  • Alban Richard og Robert Roespel lysdesign
  • Adrian Bartczak, Olha Stetsyuk, Daniel Mariblanca, Chihiro Araki, Caroline Eckly dans

Forestilling II: Primal

  • Ayelen Parolin koreografi, kostymer
  • Marc Iglesias koreografiassistent
  • Ezra – Vincent Chtaibi komponist
  • Thomas Bruvik lysdesign
  • Ole Martin Meland, Timothy Bartlett, Anne Lise Rønne, Sebastian Biong, Aslak Aune Nygård, Dawid Lorenc, Guro Rimeslåtten, Noam Eidelman Shatil dans

Manes

  • Pera Tantiñà (La Fura dels Baus) regi, konsept
  • Ágata Tantiñà, Raúl Vargas regiassistenter
  • Rubèn Pujol, Pau Domingo produksjon
  • Ifigeneia Androutsopoulou, Maria Caballero, Adriana de Montserrat, Juanjo Herrero, Joan Llobera, David Marsol, Alfons Nieto, Sanna Toivanen, Monica Barrio medvirkende
  • Miguel Angel Molino, Pau Tantiñà teknikere

Ways of Seeing

  • Pia Maria Roll regi, idé
  • Marius von der Fehr co-regi, idé
  • Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Pia Maria Roll, Marius von der Fehr tekst
  • Kai Johnsen dramaturgi
  • Jennie Bringaker scenografi, kostyme

NAV betaler

  • Vibeke Flesland Havre manus, regi ​
  • Åste Marie Bjerke dramaturgi
  • Mari Watn scenografi
  • Julie Jensen kostyme
  • Silje Grimestad video
  • Rune Kjelby lys
  • Alf Lund Godbolt lyd
  • Hjørdis M. Steinsvik produksjon
  • Marco Sabatino, Daniel Spjeld, Roy Tore Skaar, Johanne Magnus, Vegard Sandnes Larsen, Trond Stensland, Guro Hadland,  Francine Mbanzana Jensen medvirkende

The Sandman

  • ​Av E.T.A. Hoffmann, Robert Wilson og Anna Calvi
  • Robert Wilson regi, design og lys
  • Anna Calvi musikk
  • Jacques Reynaud kostymedesign
  • Jherek Bischoff arrangement
  • Ann-Christin Rommen co-regissør
  • Annick Lavallée-Benny scenograf
  • Alexander Djurkov-Hotter assisterende kostymedesign
  • Scott Bolman assisterende lysdesign
  • Manu Halligan Make up design
  • Tomasz Jeziorski video
  • Janine Ortiz dramaturgi
  • Christian Friedel, Lou Strenger, Jonas Friedrich Leonhardi, Rainer Philippi, Rosa Enskat, Andreas Grothgar, Konstantin Lindhorst, Yi-An Chen, Alexej Lochmann, André Kaczmarczyk medvirkende
  • Zuzana LeharováRadek StawarzNathan BontragerBernd KeulAnnette MayeAchim FinkRoger SchaffrathTim Dudek musikere
  • Frank Schulte lyddesign

Informasjonen er henta frå fib.no

 

Legg igjen en kommentar