Frontlosjen goes Økosofi F

I forkant av Arne Næss – Gjenoppstandelsen har vi besøkt Klokkargarden i Dale, som for høvet er fylt med kvitkledde aktørar.

«For å løyse økokrisen treng vi ei endring i korleis vi forstår oss sjølv og forholdet vi har til naturen og livet. Ein djupare argumentasjon basert på dei djupaste verdiar er nødvendig» – Arne Næss

Dette førsøker Ludvig og resten av gjengen bak Økosofi F å leve ut her i Fjaler, nærmare bestemt i Klokkargarden. Dei sankar lokal mat og lagar drikke av bær frå hagen. Det heile startar ute, ved tuntreet.

DSC06527DSC06550 DSC06551

I støvlane stod slagstøvlane pent oppstilt. Alle har like!
Vel inne på kjøkenet fekk vi smake på nokre av matvarene, mellom anna snæks frå fjorden.

DSC06569 DSC06572DSC06576 DSC06577

I stova gror det karse og kantarellar tørkar i solstrålene frå vinduet. Her kan ei få smake signaturdrinken «Brakkvatn» eller lese litt i ein av Arne Næss» bøker.

DSC06583 DSC06589 DSC06593DSC_1959 DSC06596 DSC06598

Under opphaldet i Dale har bebuarane i Klokkargarden besøkt Engebøfjellet for å nyte utsikta som kanskje snart forsvinn. Vi fekk sjå det på video.

DSC06600 DSC06603Ingrid gjorde sitt beste for å sjå smart ut medan ho lytta til regissøren. Etterpå gjekk vi opp på loftet for å sjå kor rituala/framsyningane skal finne stad. Og om de vil sjå korleis det ser ut, får de nesten ta turen på Arne Næss – Gjenoppstandelsen i løpet av festivalen.

– Ingrid og Ragnhild

 

Arne Næss – Gjenoppstandelsen: 15. SEPTEMBER 14:30 i Klokkargarden – 16. SEPTEMBER 03:00 i Klokkargarden – 16. SEPTEMBER 15:00 i Klokkargarden – 17. SEPTEMBER 12:00 i Klokkargarden. Huset er ope kvar dag 10:00–23:00.

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler
Tags: , ,