Ragnhild har alltid gebursdag når det er festivaltider i Fjaler. I år fekk ho ein praktisk gåve av Fjaler-produsent og gjestebloggar Tina, som kom godt med for å halde styr på årets opplevingar.
Her er notata våre:
Den tradisjonelle festen på Løa med grillmat og heimebrygga øl er alltid ein schläger. Det heile toppa seg med polonese. Som alltid. Og når dansegolvet gyngar sånn at ein må sette opp bjelker i underetasjen, har ein vel gjort ein god jobb – både dei awesome DJ-ane og alle som dansa.
Foto: David Zadig
Om hunden til Ludvig Uhlbors hadde naturlege dreads eller ikkje. Dei fleste antok at dette og var eit kunstprosjekt frå Ludvig si side, men da vi spurte han om det, kunne han avsløre at hunden hadde fått dei heilt naturleg. Det var ein måte for hunden å beskytte seg frå inntrengjarar.
Foto: David Zadig
Kor innmari bra Solaris korrigert fungerte på eit samfunnshus som Trudvang, sjølv utan den mest avanserte tekniske scenografien som vart brukt på Det norske teatret.
Foto: David Zadig
Stian Isaksen har fått seg kjærast som heiter Frida (vi har ingen bilder)
Er det nokon annan en Jan? Han som kan ALT, frå trekkspel til motorsag!
Foto: David Zadig
Åpninger! Når skal Frontlosjen slutte å mase om Åpninger? Aldri! Fordi ein rett og slett blir lukkeleg av genserane deira i speilfløyel og av å høyre La det swinge i moll. Også serverer dei kake, også held dei konsert i eit epletre.
Alt! Eller ikkje den røkte (?) silda som Ragnhild trudde var karamell. Du må utvide midnatsnæksmenyen litt, Torkil. Og isen frå Siris Soulfood var eit høgdepunkt.
Cred til Radio Fjellom som serverte japansk whiskey og popcorn, teateropplevingar blir alltid betre med litt servering.
Skogen ved Fredensborg! Rett og slett ei magisk avslutning på årets festival!
Radio Fjellom! Nei, Solaris korrigert! Nei, tgSTAN! Nei, Auka Røynd! Nei, Mørkemodig! Åh, det var så mykje.
Tips: ta med stige for å få enda fleire høgdepunkt!
– Ragnhild og Ingrid og Tina
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler