Tradisjonen tru skal Frontlosjen reise til Dale i Sunnfjord i midten av september. Til teaterfestivalen over alle teaterfestivaler: Teaterfestivalen i Fjaler. I den forbindelse har vi éin dårleg og to gode nyheiter.
Vi tar den dårlege først:
Dessverre representerer vi kun med 50% deltakelse i år, da Ragnhild enten skal på safari i Kenya, krysse Grønland på langs eller i bryllaup i Tyskland (vi kan ikkje avsløre fasiten av omsyn til personvern).
Illustrasjonsfoto: Ragnhild er så fortvila over å ikkje vere tilstades under festivalen at ho helst ikkje vil prate om det.
Så til dei gode nyheitene:
For at du ikkje skal drukne sorgene dine av Ragnhilds fravær, og fordi Ingrid ikkje er stor nok til å fylle begges sko, har vi funne ein substitutt, ein hostpitant, ein vikar for Ragnhild: Anna, eller Dr. Watson skal vere med å betrakte og dokumentere årets versjon av teaterfestivalen i Fjaler. Anna oppfyller alle kriterier for å vere ein god frontlosjist: Slekter frå heimstaden til Ragnhild, liker å kjenne på ambiensen, bruker laibik og stiller med intet mindre enn nesten ein doktorgrad i teatervitskap.
Illustrasjonsfoto: Dr. Watson fikser på laibiken
Den andre gode nyheiten er at du i år får enda meir av dine favorittbloggarar under festivalen: vi elskar jo å snakke om teater, både på den nerdete og den folkelege måten. Derfor skal vi under ymse tidspunkt snakke med fleire av årets kunstnarar for folkets skue om både rasfarer, overlevelsesstrategiar og andre ting som er litt meir inspirerande. Tid og stad for dette vil vi opplyse om når det nærmar seg. Det som er heilt sikkert er at disse samtalane blir til podcaster, som du kan høyre på for å førebu deg til forestillingane!
Forhåpentlegvis veier alt dette opp for at Ragnhild ikkje kan vere med i år, også ber vi alle krysse fingrene for at ho planlegg betre neste år og ikkje reiser på safari/polferd/bryllaup.
Illustrasjonsfoto: Ragnhild fekk vere med å pose på bilde som trøyst for at ho ikkje kan vere med til Fjaler.
Vi sjåast i Fjaler!
– Ingrid og Anna (og litt Ragnhild)