Årets festivaltema er stort og tungt og angår oss alle. Men kva tyder det eigentleg, dette «antropocen»?
Arne Næss – Gjennoppstandelsen av Ludvig Uhlbors forsøker å skape ein heilt ny økosofi for Dale. 15.–17. september i Klokkargarden.
Antropocen er det foreslåtte geologiske epoka vi er inne i no. I følge geologane har vi vore her sidan 1950, og vi har nådd hit på grunn av dei store menneskelege påverkingane sidan den industrielle revolusjonen.
I Grønlandsūtraen av Fredrik Høyer møter vi hovudpersonen si bekymring for verdas tilstand er noko som kjem og går, som i ein loop. 15. september kl. 19:30 på Trudvang.
I følge leksikon tyder antropo menneske og cen ny, men sistnemnte blir nytta som suffiks for epoke i geologisk tid. Vi er med andre ord inne i menneskets tidsalder for alvor. Vi har stått for så store miljøendringar at det har fått store konsekvensar for jordas geologi, mellom anna gjennom artsutrydding, forureining og arealbruk.
Auka røynd. De utvalgte går i djupna på kva som gjer oss menneskelege. 17. september kl. 21:00 på Fredensborg.
Så når Teaterfestivalen i Fjaler gyv laus på Menneske i naturen, er det verdt å følge med. For plastkvalen har stranda og (sjølv om vi lenge har visst at noko slikt kom til å hende) vi kan ikkje lenger ignorere kva som skjer og kva vi gjer. Festivalen følgjer opp med symposium om antropocen, bossvandring og bossauksjon.
Radio Fjellom av Tormod Carlsen opnar for landskapsrefleksjon. 13.–16. september kl. 19:30 på Dale Fergekai.
Og sjølvklart skal også kunsten hjelpe oss! Lite anna enn scenekunst er betre til å opne to losjehjernar for undring, filosofering og problemløysing.
Vi er klare!
– Ingrid og Ragnhild
Kjelder
Hofstad, Knut. (2014, 15. desember). Antropocen. I Store norske leksikon. Henta 27. august 2017 frå https://snl.no/antropocen.
Svensen, Henrik H. https://henriksvensen.wordpress.com/antropocen/
Teaterfestivalen i Fjaler arrangeres 13.–17. september 2017.
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler