Det er alltid stas med festspel i Bergen! Dette året var inget unnatak, sjølv om vi som vanleg kunne tenke oss eit hakket meir spenstig scenekunstprogram (feed us!).
Her har vi samla opp bilete og kommentarar frå årets opplevingar – vi må innrømme at vi var like mykje ute i sola som inne, men halve opplevinga er vel atmosfæren?
Andvake
Vi hadde høyrd så mykje bra om denne boka av Jon Fosse, men vi likar best å sjå teatervarianten, for da havnar vi ikkje i dilemmaet «boka var betre». Dette er ei stor forteljing som riv oss med inn i elendet på vestlandet i gammeldåggån med enkle og effektfulle virkemidler. Kva gjer ein ikkje for kjærleiken? Dei grusomme handlingane stod i sterk kontrast til den varme teatersalen og sola som skein utanfor. Allereie her fekk vi antakingar om at årets festspill ville bli ei heit affære – temperaturmessig.
Foto: David Zadig/Hordaland teater
Vi er visst ikkje så vant til konsertteater enno, men i år gjekk det mykje betre enn i fjor! Kult univers, dyktige aktørar. Litt forstyrrande. Men vi forstår at vi burde ha vore blodfans av Anja Garbarek, ikkje berre Jo Strømgren. Dei folka hadde stjerner i augo. Takk, DNS og FiB!
Foto: Thor Brødreskift / FiB
Det var faktisk superdigg å ta ein liten tur inn i det store utandørs for å få ein pause frå det fantastiske maiværet. Inne i ein digital dome vart dag til kveld og kveld til natt og natt til eit psykedelisk univers. Det var berre å lene seg bakover og sveve av stad (ja, for ein vart reint svimmel!) til brotstykka av samtalane du kunne ha gått forbi ein dag ein stad. Takk, BIT og FiB!
Panini-BoysRoom
Her hadde Frontlosjen litt blanda kjensler. På den eine sida var universet like kult som alltid, atmosfæren i Sentralbadet kul, vokalisten enno kulare og katedralen til å døy for. Det var òg ei litt meir tilgjengeleg framsyning enn det andre vi har sett av Vinge/Müller, om det går an å seie. På den andre sida vart det litt vel mykje Vinge-fokus, noko som øydela litt. Ta den store ego-testen her! Takk, FiB og vårt vordande scenekunsthus Sentralbadet!
Black Madonna
Christian Lollike er etterkvart blitt stamgjest på FiB; med all My dreams come true og Manifest 2083 friskt i minne, ante det oss at også denne gongen ville det bli stor og viktig tematikk på scena. Madame Nielsens karakter fortel om ein personleg historie om korleis han/ho glei inn i dei svartes miljø som kvit. Det heile endar med at Nielsen blackfacer seg sjølv i ein dusj av sjokolade, heldigvis med noko litt meir appetiteleg enn Vinges metode (gjetter de kva?).
La du merke til at vi ikkje kommenterte det teite PR-forsøket ved å fjernet n-ordet frå tittelen i framsyninga nokre dagar før festspillene braka laus? Sensur-forsøket har forsåvidt satt seg fast på veggen på Cornerteateret for alltid…
A man of good hope
Det store ensembelet frå Sør Afrika stråler sånn speleglede som gir frysningar på nivå med store musikaler. Dette er eit forfriskande innslag; med nye impulsar i spelestil og sjanger. Det får ein til å verkeleg bli takknemmelig for å bu i trygge Norge, der sjansane for å bli utnytta, utsatt for korrupsjon og svindel er minimale.
Foto: Keith Pattison
Sola
For ein månad, for ein sommar. Takk, Bergen!
-Ingrid og Ragnhild
//ymse mjøl i posen// Ingrid jobbar på DNS. Vi hadde pressebillettar til nokre av framsyningane.