Tre dagar med festival nærmar seg faretruande slutten og det har som vanleg skjedd så mykje på Teaterfestivalen i Fjaler at vi knapt har hatt tid til å snu oss. Herlig! Her kjem ein liten statusrapport frå nokre av opplevingane vi har hatt innimellom alle framsyningane, slik at alle kan sjå kor fint vi har det.
I starten av festivalen var det superfinvær. Vi kunne med glede konstatere at dei har vaska tråppa til gamle kommunehuset/Studio Nova sidan sist. Stjerne i margen!
Sidan årets tema er fjord, var det berre naturleg at opninga vart heldt nede på kaia. Desibel for fjorden!
Vi let oss sjarmere av fortauga i Dale sentrum og har hatt utekontor.
Litt andeleg påfyll har vi òg plass til, anten det er snakk om plankton eller aksjonsteater.
Sjølv om sola sa takk for seg laurdagskvelden heldt vi fram med god festivalstemning og upåklageleg stil.
– Ragnhild og Ingrid
Avbilda arrangement: Planktonutstilling og foredrag v/ Per Flood – Offisiell festivalopning – Kritikarsalong
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler