Teaterfestivalen i Fjaler here we come!
Vi gjentek suksessen frå i fjor og intek Fjaler med kamera, kritiske blikk (tja) og festivalmodus! I år er temaet for festivalen landskapet som åler seg langt innover dei vestnorske fjellsidene, landskapet som er både redninga og øydelegginga, landskapet som brødfør oss, som er svalande på varme sommerdager og som er til evig fascinasjon for folk, fe og turistar: Fjorden.
For oss urbane er forholdet til fjorden (ut over byfjorden) noko abstrakt kor sushien kjem frå – noko vi sjeldan forheld oss til, men som vi har trua på at det kan komme mykje godt teater ut av!
Vi gledar oss til å kjenne på saltvatnbrisen, glatt fisk og føling i fjæra (er det lov å sei?).
Vi sjåast i Fjaler!
– Ingrid og Ragnhild
//mjøling av andre si kake// frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler