Ragnhild satte rekord i antal forestillinger sett på ein teaterfestival, og nærmar seg Guinnes rekordbok-nivå. Medan Ingrid hadde sitt verste lavmål i antall forestillinger sidan ho nokon gong hadde høyrt om teater. Vi snakkar sjølvsagt om årets versjon av teaterfestivalen METEOR. Vi har laga ei liste med dei mest minneverdige augenblinka og kårar årets beste hendingar frå festivalen i nøye utvalde kategoriar:
ÅRETS…
Maling: Pieter Ampe
Her var det mange kandidatar å ta av. Men Pieter Ampe stikk av med seieren fordi han går full front med malinga. I ei sjarmerande forestilling som utforsker den mannlege seksualiteten, finn Pieter det fornuftig å gni heile kroppen inn med kvitmaling, og på utvalde publikumarar. Å berre male ansiktet er for pyser! Anar vi ein frontfigur for vår nye merkevare «Frontlotion»?
Brillefine: De Utvalgte
Vi har ikkje gått lei av 3D-teater enno! Det er akkurat som skodespelarane trer ut av scenografien og kjem rett mot oss. Dessutan var Visjonæren/Martyrium 1:77 ei riktig fin framsyning og dei klarte å unngå at Ari berre vart ein klovn.
Kostyme: Sfinxen i Paradise Now
Det er tydeligvis ein trend å ha så enkle og naturtro kostymer som mogleg. Slitte jeans og svette T-skjorter. Slik som aktørane i Verk Produksjoner: hadde dei på seg eit kostyme eller var dei berre seg sjølv. Derfor var det deilig å sjå at dei i Verk etterkvart gjorde litt som forventa og prakka på seg i glitter, shiny stoffer, blomster og kva det ikkje var. Litt rart var det når denne oppkledde sfinxen byrja å klyve opp i fanget på Ingrid, men det får gå.
Bromance: Barlaug og Haj
Dette er visst året der mannen utforskar seg sjølv. Ofte resulterte dette i sveitt balle under årets festival, men i F fekk det eit litt anna utfall. Her snakkar vi heftig knuffing, dansing, dasking, ungdommeleg pågangsmot og øydelagde framtenner.
Foto: Henta frå BIT Teatergarasjen
Outfit: Husfilosof Rune på avslutningsfesten (paljettar FTW)
Altså. Det er noko med mannfolk som tør å utforske komfortsona og sin sekualitet. Kanskje var det eit same forsøk husfilosof på BIT, Rune, prøvde på da han under den tradisjonsrike avslutningsfesten for festivalen fant ut at ein paljettbolero var det naturlegaste antrekket. Er det nokon som har bilde av dette?
Rekvisitt (vi vil ta med heim): hesten i Forbrytelse og straff
Ingen ting er som litt russisk ungdomsdisko i slutten av veka. Men verkeleg: vi kunne gjerne ha budd i Dostojevskijs Russland dersom vi fekk lov til å eige ein life size barbiehest. MAKAN!
Positive overraskelse: Happy Gorilla Dance Company
Bergenskompaniet leverte det beste dei har gjort så langt med Dying to be alive. Av det vi har sett i alle fall. Godt å sjå.
Bart: Davis Freeman
KaraokeART vart eit av dei festlege høgdepunkta under festivalen. Dei heftige kunst-videoane som rulla i bakgrunnen hadde mykje å seie for steminga, i tillegg til diverse gullstrupar som bidrog med sitt. Like fullt vel vi å legge litt av partyfaktoren til Barten til Davis. Den må jo ein berre bli glad av.
Foto: Henta frå Agenda Magazine
Hottaste: Christophe Meierhans
Matlaging med andre kan vere risikosport. Det er noko med alle desse kokkane som lagar så myke søl… Resultatet var eigentleg ei ganske god supe, men vi kunne gjerne ha tona ned chilien bittelitt. Og så er det synd at svinekjøtet vart sendt på gangen, men storkjøkenvegetarkokken og fyrsteamanuensis Keld Hyldig redda kvelden (med god hjelp frå resten av publikum).
Scenografi & mee-denkers: Holger Lindmüller, Michael Carstens
Utstilling: Newcomers (Akademi for Scenekunst)
Kjekt med kjekke ungdommar som spritar opp festivalbaren. Scenografistudentane stilte med installasjonar, performance og godt humør. Meteor+Fredrikstad=sant.
Speed dater: Aurora
Nuf said.
Poetiske sjarme: Tiago og sonette 30
Klokt og vakkert og rørande og morsomt og alt godt. Og passe teaternerdete.
Penaste katt: Alle saman!
Fordi:
– Ragnhild og Ingrid
//Inhabilt mjøl i posen// Ragnhild er tilsett på BIT Teatergarasjen hausten 2015.