Kategorier
Festival

10 tips for ei rimeleg festivaloppleving

Det går fint an å vere kulturell sjølv om sparekontoen din ikkje er det.

Det er mykje å bruke pengar på i Fjaler-metropolen Dale. Brått har du brukt opp heile matbudsjettet ditt på Dalsbua, og må tenke kreativt for å kome deg heilskinna gjennom festivalhelga.

Men fortvil ikkje, Frontlosjen gir deg dei beste tipsa for å få mest mogleg ut av teaterfestivalen på lavbudsjett.

1. Slankekur

No har du sjansen til å bli kvitt litt sideflesk! Visste du til dømes at ein visstnok kan overleve ei veke på 7 dl fløte? Endeleg kan du teste det ut! Pengar spart som du kan nytte på det viktigste her i livet: teater.

2. Familiedag, konsertar og symposium

Torsdag kveld er det offisiell festivalopning med jazzkonsert på Kaia Pub.

Kvar dag kan de besøke Klokkargarden mellom klokka 10.00 og 23.00 for å oppleve økosofi i praksis.

Laurdag blir det mange spennande aktivitetar for store og små. Dette inkluderer Festivalsymposium og utstillingar du kan oppleve utan å måtte grave i lommeboka. Kanskje du til og med får byta til deg nokre leikar?

e4faad6d-55b7-4edc-8d50-91244d9c3244

3. Dei lokale er dine beste vennar

Bli venn med dei innfødde på festivalen. Da vankar det gratis kaffi og biteti i alle hus rundt om. Kanskje får du smakt lokale delikatesser ein ikkje finn heime. Gratis og utspekulert!

4. Åpninger – eksklusivt og heilt gratis

Marie og Morten tilbyr gratis opplevingar under heile festivalen. Du kan til og med bestille ditt eiget kunstverk!
Om det blir litt mykje for deg, kan du òg velge mellom desse hendingane:

Fredag 15/9 kl. 15.00 vert det Helhetsterapi/workshop i kantina på ungdomsskulen.

Laurdag 16/9 kl. 02.00 (natt) spelar dei konserten «Orgelet er en forlengelse av våre og Teigens lunger» i musikkbadet. Servering av kake og kaffi.

Søndag 17/9 kl. 13.00 spelar dei konserten «Alle Angrer» i hagen til Roald Hovland.

åpninger

5. Bli kunstnar

Vi har høyrt det er lukrativt å vere kjendis. Ta ei 3–5-årig utdanning, start eit teaterkompani og bli skikkelig flink og anerkjent. Om nokre år er du kanskje så heldig å bli invitert til Teaterfestivalen i Fjaler! Da får du i alle fall sjå di eiga framsyning gratis.

6. Teatervandring

Masterstudentane i teater ved Kunsthøgskulen i Oslo vil i år syte for kulturelle hendingar over heile Dale – og alt det kostar er ein liten spasertur. Hendingane har dei mellom anna skapt i samarbeid med elevar frå dramalinja på Firda VGS.  Møt opp laurdag kl. 13.00 og få info om løypa slik at du får med deg alt.

E-postvedlegg

7. Finn fram stigen

Om du tek med deg ein stor upraktisk stige til framsyningslokalet, tilseier statistikken at alle kjem til å tru at du er på jobb. Så slepp du rett inn og kan plassere deg fint i høgda med god utsikt til alt som skjer.

8. Losjecast

Om det ikkje er aktuelt å kjøpe billett til alle framsyningane under årets festival, er det likevel mogleg å høyre fleire av artistane snakke om arbeidet sitt utan å måtte dra kortet. Triveleg og informativt.

Frontlosjen er gratis!

9. Skaff deg ein sponsor

Alle veit jo at scenekunst ikkje fortener livets rett med mindre ein rik investor tykkjer det er artig. Det same gjeld vel for publikummet.

99spxtc18800b

10. Bli frivillig!

Å vere frivillig er den beste måten å oppleve festivalen på, og så får ein så mange frynsegoder.

 

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler

Legg igjen en kommentar