Kategorier
Fashion Livsstil

Fashion

Ragnhild har vore i hovudstaden og funne ut kva som er 3ndy på veskefronten for tida.

Da eg var på dannelsesreise i hovudstaden i helga, tilbrakte eg ein dag på Nasjonalbiblioteket for å gjere research til masteroppgåva mi. Men ein kan jo ikkje berre vere opptatt av utdanninga si – eg prøver jo å få med meg kva som rører seg i motebiletet òg.

Denne gongen såg eg nokre utruleg stilige posar, eller bærenett som vi seier her i Bergen, i eit blankt plastmateriale. Dei er lette å ta med seg, og det er umogleg å rote bort nyklane sine – for du ser jo alt som er oppi!

Seriøst alle på biblioteket hadde dei, så eg tok med eit par attende til vestlande for å teste korleis dei slår an her. Fine, ikkje sant?

Hanken er dobbel for å gjere han ekstra haldbar
Mange fine detaljar – spesielt viss du har noko kult oppi!
Det nye favorittbærenettet mitt går til alle antrekk
Ingrid måtte òg få eitt i bygåve, så ho ikkje blir svartsjuk

Blanke bærenett er kjempekule, og har faktisk alt vore på marknaden ei stund. Dersom ikkje har høve til å stikke innom Nasjonalbiblioteket med det fyrste, finst det mange kule alternativ. Her er ein liten collage til inspirasjon:

Mykje å velge i. Kanskje du tørr å gå for ein sprek farge?

– Ragnhild

 

1 svar til “Fashion”

Det er stengt for kommentarer.