Kategorier
Fashion Festival

Echo Flux Spring/summer 2019

No kan du hente fram fotballshortsen att. Årets kolleksjon frå designarane i Carte Blanche gir deg sommartrendane!

Årets kolleksjon frå designarane i Carte Blanche har eit uttrykk som møter både framtid og fortid med effektive element som skinnande greier, frynser, bodyar, fotballshortsar og enno meir skinnande greier. Dei beveger seg bort frå «ikkje-kostyme»-trenden og meir mot eit heilskapleg uttrykk. I alle fall litt.

Dette er haute couture, ikkje noko pret a porter.

Håpar låra dine toler dagens ljos, for dei er IN da house. #legday

Vannscooter er blitt veldig poppis dei siste åra, men antrekket som følger med er ganske useksi. Dette kjem til å bli sommarens IT-plagg (IT, som «it is very trendy», ikkje som i IT-konsulent).

Normcore har jo utvikla seg. No med hol. Og glitter. Det som er casual pyntast opp med glitter, blonder og fjær, det som er ekstravagant pyntast ned med joggesko, fotballshorts og hettegenser.

Gjenbruk er i vinden, så finn fram den gamle fotballshortsen frå 1998. Manchester United er det einaste fotball-logoen vi kan utanat, så her kan ein skape wow-faktor med ymse fotballlag!

Her har vi årets festivalmote i eit nøtteskal. Laust og ledig, men høg partyfaktor. Dette er kjernen i kolleksjonen. Du kjem garanteret til å sjå dette på årets Fringe.

Joggesko er dei nye partyskoa. Høge hælar er for striler som prøver å rokke seg fram på brusteinen. Dei rutinerte vel no komfort. I alle fall om ein skal danse. Og det skal ein jo!

 

Echo Flux: Koreografi – Alban Richard (the departed Heart) | Ayelen Parolin (Primal)
En samproduksjon med Festspillene i Bergen 2019 | Grame, centre national de création musicale og Centre Choréographique national de Caen i Normandie
Assistent Max Bruckert & Matias Fernandes(the departed Heart) – Lyd
Koreografiassisent – Daphne Mauger (the departed Heart) | Marc Iglesias (Primal)
Lysdesign – Alban Richard & Robert Roespel (the departed Heart) | Thomas Bruvik (Primal)
Kostymedesign – Rachel Garcia (the departed Heart) | Ayelen Parolin (Primal)
Komponist – Sebastian Rivas (the departed Heart) | Ezra – Vincent CHTAIBI (Primal)
Dansere – Adrian Bartczak, Olha Stetsyuk, Daniel Mariblanca, Chihiro Araki, Caroline Eckly (the departed Heart) | Ole Martin Meland, Timothy Bartlett, Anne Lise Rønne, Sebastian Biong, Aslak Aune Nygård, Dawid Lorenc, Guro Rimeslåtten, Noam Eidelman Shatil (Primal)
Alle Foto:  Tale Hendnes

Legg igjen en kommentar