Suksessen Frontlotion er det alle framleis snakkar om etter Frontlosjefestivalen! Korleis lagde de dette? Kva er i den? Kan vi lage vår eigen?
Vi har vorte nedspurt om dette fantastiske produktet, og no skal vi syne dykk kor enkelt det er å lage dette sjølv – du kjem aldri til å kjøpe lotion igjen!
Preludium
Blomster er så mainstream, vi må lage noko som gjer at folk får eit langvarig minne frå festivalen. Frontlotion til folket – dette må vi lage frå botnen av! Så klart! Det blir for dumt å jukse med ein ferdiglaga billigkrem, og det verkar skikkeleg lett.
Dag 1
Ingrediensar innkjøpt på lokal helsekost-sjappe. Enkelt å finne, men det var litt dyrt kanskje. Mykje dyrare enn spenol, for å seie det sånn. Men men. Etikettane er alt klare, dette blir bra!
Dag 2
Dette treng du for å lage din eigen hudkrem:
– Kakaosmør
– Kokosolje
– Mandelolje for ekstra fancy resultat
– Kjele
– Kjøkenvekt for å finne ut av blandingsforhald
– Noko å ha det i medan det kjøler seg ned
– Visp/mixmastar
– Dåse å ha det i til slutt
Slik gjer du:
– Smelt den store klumpete greia fyrst.
– Så har du oppi kokosgreia og litt mandelolje slik at alt blir smelta saman i ei gugge.
– Avkjøl.
– Visp.
– Ta-da! Verre er det ikkje.
– Men. Vent.
Dette stemmer jo ikkje. Dette er ikkje krem! Eh, har vi eigentleg fulgt den der oppskrifa så nøye? Kva meiner dei med nedkjøling, er det i eller utanfor kjøleskåp? Romtemperert ja. Da vart vår alt for stiv! Og så er det visst ikkje så smart å køyre på med jumbo-storleik med ein gong. Ikkje rart det vart rart.
Jaja. Vi har god tid, prøver om att i morgon.
Dag 3
Nytt forsøk! Denne gangen har vi lest oppskrifta skikkeleg, og tenkt ut ulike måtar vi kan ekperimentere på. Vi smelter om igjen gugga og lar den avkjøle seg i romtemperatur. Visper på nytt. JA! No har det perfekt, fluffy konsistens.
Dag 3, nokre timar seinare
Vent litt – det er jo heilt stivt igjen. Dette er jo heilt håpløst. Griser noko f***ig gjer det og.
Dag 4
Dreg på butikken og kjøper hemmelig ingrediens vi tilsett gugga. No kan det jo ikkje bli stivt. Vær så god, server! Ingen aner kva den hemmelige ingrediensen er.
Konklusjon: Dette gjer vi aldri igjen. Frå no av skal vi berre kjøpe ferdig lotion på butikken. Har aldri sagt så mange stygge ord på så kort tid før. Så til alle som har ein eksklusiv Frontlotion i hende: slit an!
PS! Frontlotion kan eller kan ikkje innehalde spor av spenol.
PPS! Produktet er (av fleire openberre grunnar) ikkje til sals.
– Ragnhild og Ingrid