Fine sko og solskin

- Ein liten stemningsrapport frå orsaka til låg bloggaktivitet i bergensavdelinga

936103_504632886263854_1480533955_ntikk tikk tikk

Deltakarar har tikka inn til Dansens dager denne våren, og til slutt vart det 570 stk på papiret. Bra det på mirakuløst vis vart meldt sol.563705_502310629829413_1468306498_n

Røde sko

Eg har vore på kino og sett ballettfilm frå førre århundre. Dette var dramatisk og veldig underholdande. IMG_0036DSC_1734 IMG_0047DSC_1745IMG_0055

(illustrasjonsfoto)

Desse skoa kan du sjå kl. 21 på USF Cinemateket i kveld.

Lang dag i sola

Storslått feiring av Dansens dager i Bergen laurdag.

DSC_1713

Artig med så mange folk!DSC_1693

Artig med så mykje sol!DSC_1723

 Meg. Ein stad

I morgon er eg klar for ein ny stadspesifikk dag med Dans. Et sted – sjølv om det kjem til å bli litt vel typisk bergensk. Da blir det til og med diskusjon om det stadspesifikke i kunsten, kanskje eg er så heldig at eg får lært litt meir om det stadspesifikke teatret da? Uansett – eg er førebudd:

DSC_1749

Kvile no

Eg skal berre slappe av litt fyrst.DSC_1754

-Ragnhild

I want… appelsinsjokolade

Påskehøgtida er over oss for i år for fleire veker sidan, men påska har såkalte bevegelige helligdagar, og det er vel fullt mogleg å ha påske i midten av april. Om påska hadde vore det i år, så er det fortsatt mogleg å ha att rester frå påskeegget ein ikkje rakk å ete opp mellom påskelabyrintar, skiturar og afterski. Til dømes er det kanskje ein appelsinsjokolade til overs som ein kan ta med seg når ein skal nyte kulturelle opplevingar. Ja særleg, som om innhaldet i påskeegget ikkje hadde vore ete opp innan no, dette var berre ein måte å lage ein lang intro om at vi har testa appelsinsjokolade på teatret.
IMG_7840 IMG_7847
Kor mykje det bråker: Først må ein ta det ut av eska, og etterpå dunke den hardt i bordet og så åpne papiret som er utanpå. Ja dette kan bråke litt, derfor kan det vere lurt å gjere dette på førehand. Dessutan fekk vi ikkje dette til heilt som ein skal, og måtte dele opp båtane manuelt.
Mengde: For mykje for to på ein times forestilling.
Pris: Litt dyr, men er som regel verdt det.
Smak: Appelsinsjokolade er digg, men det vart litt kvalmt i lengda. Ein blir tørst av sjokolade.
Korleis det påvirker teateropplevinga: Først gomler ein i seg, også blir ein kvalm. Men det er jo berre å spare det til seinare, tenkar ein. Men når ein er på forestilling har ein ikkje noko anna plass å gjere av det enn å ha det i fanget/handa, og da smeltar det og blir klissete og ein må berre kaste resten. Dessutan blir ein jo som sagt litt tørst av den.
Korleis ein kjenner seg etterpå: Huff, dette var ein dårleg deal. Mistar mykje av teateropplevinga fordi ein nyttar tid på å pakke opp og leite etter ein plass å legge det når ein bllir kvalm.
 IMG_7855
IMG_7854Som de ser så feila vi veldig med å dele båtane på grasiøst vis. Dette var ikkje bra! Appelsinsjokolade egnar seg heilt klart best i ein solvegg med skisko på beina. Neste påske skal vi syte for å ete opp appelsinsjokoladen før vi blir kvalme på kvikklunsj og fylte egg.
- Ingrid

Hurra for Sarah Bernhardt!

Den største skodespelarinna ein nokon gong har sett på franske scenar, Sarah Bernhardt, døydde i dag for 90 år sidan, lenge før bestemødrene våre var påtenkte ein gong. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan markere det. Og kva passar vel betre enn å gi dykk oppskrifta på nettopp Sarah Bernhardt, konfekten altså, ikkje sjølve dama. Denne konfekten fekk vistnok skodespelarinna tileigna seg da ho var på skodespelaroppdrag i København.

Her kjem ei oppskrift med dårlege mobilbileter, slik som dei gode rosabloggarane vi er. Så har du noko å fylle påskeegget med igjen (for du har sikkert ete opp alt allereie).

_SC_1103Kven skal ut? Ein av desse ingrediensane skal ikke vere med.

Konfekten består av tre delar du lagar kvar for seg. Du treng:

Til botn:
1 pølse kransekakemasse

Til smørkrem:
100 g romtemperert smør
1 ½ dl melis
1 eggeplomme
2 ss oboy, eventuelt kakaopulver, men da litt mindre mengde
2 ts vaniljesukker

Til topping:
2 store plater melkesjokolade, eventuelt kokesjokolade om du likar det mørkt.

_SC_1105

Botn:
Her kan du sjølvsagt nytte heimelaga kransekakemasse om du får til slik.

Rull ut kransekakepølsa slik at den blir ca. like bred som ein fem-kroning. Skjær opp i skiver som er litt smalere enn 1 cm. Legg steikepapir på ei langpanne og fordel botnane utover. Steikast på 200 grader i 8-10 minutt. Når dei er ferdig skal dei vere mjuke inni og krispy på utsida. Avkjøl dei i frysaren eller ute om vinteren.

Smørkrem:
Her kan ein i prinsippet helle alt i ein bolle og berre blande saman med stavmikser. Om ein ikkje har slik for handa og må gjere det manuelt, blandar du først saman smøret og egget, for å gjere det enklare å røre saman. Eit tips er å dele opp smøret i terningar, da går det raskare. Tilsett så alle dei tørre varane.

No skal du fordele smørkremen på kransekakebotnane. Ein liten dæsj på kvar, slik at det ikkje dett utom kanten på botnen. Dette kan du gjere med skei, men det enklaste er å ta smørkremen i ei kremsprute og fordele kremen med den.

Sett det til avkjøling igjen.

Topping:
Smelt sjokoladen i vatnbad. Dypp botnane med smørkrem oppned i sjokoladen til det dekker akkurat over kanten til botnane. Her kan det vere lurt å bruke eitt matpinsett, for det grisar litt. Sett det på eit fat og la det avkjøle igjen.

_SC_1107 _SC_1116

_SC_1121 _SC_1122No skal dei sjå omtrent slik ut. Og du er klar til å ete! Dei bør oppbevares kaldt, i kjøleskap til dømes. Om du har lyst på ein meir vaksen smak, anbefaler vi å helle i nokre spiseskeier med hemmeleg ingrediens i smørkremen, slik som eg har i biletet nedanfor. Lykke til, og rop ut om du ikkje får det til.

602763_10151392266890409_508303726_n- Ingrid

Home office

Dagens outfit før eg skulle ut og møte verda! Det vil seie vere publikumar og få ein sniktitt på prøveforestilling.DSC_0188 Etter å ha tilbragt nokre timar på kontoret saman med damar i smale skjørt og sko som lagar klikkelydar, kom eg heim med denne teikninga:

DSC_0189Da var det på tide at eg tok fatt i min eigen arbeidsdag på heimekontoret. Heimekontor blir ekstra heimekoseleg med rosa lys og rosa tulipanar.

DSC_0191Arbeidsoppgavane når eg har heimekontor pleiar å vere varierande, denne gongen var det om å ikkje teikne utanfor strekane.

DSC_0192Slik vart resultatet etter ei hard arbeidsøkt. Finn du meg att? DSC_0197DSC_0194 (2)Nok heimekontor denne veka. Eg skal fortsette å vere bortekontorrotte på tirsdag, onsdag og torsdag frå 14-18 Avant Garden, kom og kjøp billettar av meg.

- Ingrid

 

I want… Sursild

Godteri kjøpt i desperasjon, eigentleg. Vi hadde lyst på lakrissnøre, men det fant vi ikkje. Og kva skal ein da gå for? God gammaldags sursild.sursild

Kor mykje det bråker: Ganske lite. Berre når du tek det ut av posen. Ikkje lagar det mykje lyd når ein tygg heller, det er bra.
Mengde: Perfekt! Det meste var burte før framsyninga starta, og det er kanskje til det beste. Det var likevel nok til å dele!
Pris: Passe.
Smak: Dødsgod. Sur og søt – ein ekte oppkvikkar!
Korleis det påvirker teateropplevinga: Gjorde starten på teateropplevinga til noko positivt, og gjorde oss særs populære. Sukker er eigentleg eit godt alternativ til kaffi dersom ein er trøytt.
Korleis ein kjenner seg etterpå: Tilfreds.
Sursild
Dette skal vi prøve igjen.
sursild
- Ragnhild og Ingrid

Koz med aften i helvete

Det er endeleg vår (i teorien), og vår tyder ny Immaturus-premiere. Eg har sjølvsagt vore der og fått med meg ein kommedie av det guddommelege slaget.Studentteateret Immaturus

Studentteateret hadde funne attende til dei simultane speleplattformane, med eit hærleg søttitalspreg (eg ser for meg at dei stadig gjorte slikt da) – ein stor raud sirkel omgitt av små funkye vulkanar ein kunne stå på.Studentteateret Immaturus Studentteateret Immaturus

Fem skodespelarar representerte alt mellom helvete og jord, med enkle kostymar og imponerande heimelaga maskar. Det som var artig å sjå, var korleis nye skodespelarar nok ein gong imponerte med lovande talent for framtidige studentteaterproduksjonar. Eg hang ikkje støtt med på kva ring i helvete dei vandra igjennom til ei kvar tid, og skulle nok ønskje at ein del småplukk hadde vorte fjerna til fordel for andre meir interessante scener. Men det hadde nok vore tilfelle dersom premiera var tre veker fram i tid – det evige studentteaterproblemet.Studentteateret Immaturus

Uansett – det artigaste med premierer er støtt dei fine kjolane og interessante personlegdomane ein treff i løpet av kvelden. Denne gongen fann eg dei mest interessante  framfor speilet utanfor, og dokumenterte sjølvklart det heile. Her representert ved eit medlem av Kunstnarisk råd, ein lydteknikar og ein dreven skodespelardiva: IT-crowdenObligatoriskDen guddommelige komedie kan du sjå 4.,5.,7. og 8. mars kl 19.30 i Tivoli på Kvarteret.

Alle framsyningsfoto er henta frå Immaturus si fjasbokside.

-Ragnhild

Her tenkte eg å skrive ei klein lokalavisoverskrift som «danser med spaserstokk», men eg droppar det.

I går tilbragte eg ei stund i dansestudio. Skulle ønske eg kunne overraske dykk med å seie at det var eg som dansa, men her må eg nok skuffe dykk. Sjølv om eg visstnok hadde eitt naturleg talent for klassisk ballett i min ungdom, overlet eg heller dansinga til andre talent. Eg var heller god rosablogger og tok bilete av meg sjølv i dei store speglane i salen – ein rosabloggers våte draum.

I studio skulle eg møte Guro og Cathrine som lagar forestilling for pensjonister og andre vel over vår aldersklasse. Danserinnene, som har gått på skolen for samtidsdans saman, har i ei veke improvisert fram ei danseforestilling med temaet minner som utgangspunkt. På laurdag visar dei utdrag av framsyninga Jeg minnes på Ila Brainnstasjon i trønderhovudstaden. Men det er folk som bur på gamleheimar som får den store gleda av å sjå heile sulamitten, forestillinga skal nemleg ut på turne med den kulturelle spaserstokken - eit prosjekt eg har veldig sansen for! Når ein skal lage forestilling for nokon som har levd lange liv ein ikkje kjenner til, må ein møtast ein plass med felles referanserammar. Guro og Cathrine veit jo ikkje korleis det er å ha levd eit langt liv, gjerne saman med ein partner mange av dei åra. Dei har heller ikkje levd i gamledagar. Men vi har alle vore barn, og vi har alle minnar frå livet som vi kan glede oss over. Slik håpar dei å møte ei målgruppe som er heller ukjende for dei.

Det er over assosiasjonar frå eigne minner dei har laga denne forestillina. Men besteforeldre som har levd lenge saman har òg vore ein inspirasjonskjelde. Relasjonar og minner ein har skapt gjennom eit heilt liv saman er like viktige her som dei individuelle minnane vi har. Dei vil heller ta utgangspunkt i dei små augneblinka enn dei store hendingane i livet. Det kan vere ei lukt ein kjenner att, ein sang eller ei god kjensle. Det er desse minna som blir til danserørsler. Og ut av danserørslene håpar dei at publikum skapar sine eigne assosiasjonar og kjem på eigne minner.

Berre no når eg skriv dette kjem minnane av lukta av klubb og duppe fram. Kanskje eg skal besøke mormor ein dag og be ho lage det til middag…

Danserinnene er veldig opptekne av at dei kjem dit folket er. Dette er ikkje ei forestilling i ein blackbox kor publikum er på eine sida, og aktørar på den andre sida. Det skal dansast i fellesstover på heimane, i publikum sitt eiget miljø. Slik sett blir kunsten meir tilgjengeleg for dei som kanskje ikkje kan flytte så langt på seg, og det verkar trivelegare enn ein mørk sal og spør du meg. I første omgang skal dei turnere i Rogaland, men kanskje dei kjem til andre stadar òg. Men forresten, ein må jo vere busatt på ein heim for å få det med seg, kanskje det kan vere ein god anledning til å besøke den eldre garde, og få med seg litt dansekunst med det same?

Kom på laurdag da vel, og om du trur at samtidsdans ikkje er noko for deg, kan du ta eitt lynkurs her.

- Ingrid