Sidan teatervitarar likar å halde seg i kulissane, er det vel berre heilt naturleg at vi har ein bakgrunn i Studentradioen i Bergen. Det vi likte best var sjølvklart å gå i toget prosesjonen 17. mai. Ballong! Ballong! 


- Ragnhild og Ingrid
Sidan det går litt sakte i for oss alle i sommarferien (og godt er det!), er det på sil plass med ei perle frå vidaregåande: Ingrid som skilpadde.
Mimrar attende til ein ferietur til den britiske hovudstaden for nokre sommarar sidan, der møtte eg ein gammal kjenning. Har rett nok ikkje truffe han sidan da, så venskapet var kanskje ikkje så genuint og gjensidig som eg trudde der og da. Men vi bånda i alle fall rundt fabuleringa om ein hovudskalle – i det minste. 
- Ingrid
De hugsar kanskje motereportasjen frå hovudstaden Ragnhild hadde ei stund attende? Vel – ho er ikkje den einaste som var trendy den dagen – sjå kor fin match vi hadde på strømpane og kjolane våre! 
Ein av dei tinga vi kjem til å sanke mest som poststudentar, er dei mange utkledningsfestane vi har deltatt på – både privat og gjennom Immaturus og studentradioen. Her er eit spesielt fint døme frå 1990-talsloungen Immaturus hadde under eit heilhus på Kvarteret. Ingrid tok han heilt ut, men men måtte sjå seg slått av skoa til Torunn.
Men det er lys i enden av tunnelen: no er det på tide å byrje med 00-festar!
- Ragnhild og Ingrid
Ein kvar vidaregåandeelev sitt store mareritt er munnleg eksamen (ja, la oss seie det i dette tilfellet). Kjem eg opp i norsk, historie eller religion? – den eine verre enn den andre. For ein dramaelev er det største marerittet å komme opp i bevegelsesforming (berre smak på ordet – grøss). Dette var det tre elevar i klassa vår som hadde lite lyst til – Ingrid, Ragnhild og ein som heitte Simen. Sjølvsagt kom vi opp i bev.form – saman med Simen. Vi hata det frå første stund, og ser attende på dei tre dagane i juni for seks år sidan med frysningar nedover ryggen. Om nokre år kan vi sikkert le av det, men vi treng nok litt meir tid på å fortrenge det først. 
Her ser de oss uttrykke kva vi syntast om bev.form. eksamen, med ein pop-ironisk uttrykksform.
- Ragnhild og Ingrid