Djupdykk i scenetekst

TID
Fredag 25. februar
Kl. 10.00 – 16.00

Stad
Cornerteateret,
Prøvesal 3

Med Jesper Halle

Heildags skriveverkstad og krasjkurs i scenetekst: Korleis finne skjulte skattar i ein dramatisk tekst eller i eit scenisk konsept?

I ein kreativ skriveprossess er det mange spørsmål som kan dukke opp – Frå dei små spørsmåla som «funker denne dialogen og er det for mye banning?» – Til dei litt større som «korleis veit eg at eg ideen min er verdt å arbeide videre med og kva gjer eg når alle ideene mine kjennes dårlige og eg står fast?»

Jesper gir påfyll, inspirasjon og gode verktøy for å utvikle ideane dine, komme vidare frå idé til tekst, og ikkje minst komme deg forbi blokkeringar og skrivesperre.

Jesper Halle er professor i scenetekst og dramatisk skrivekunst på Kunsthøgskulen i Osloein, og har sidan åttitalet skrive for både scene, radioteater og TV. Hans trivelige vesen er skapar ei perfekt ramme for ein dag med moglegheit til å gå inn i sitt eiget arbeid og få nye idear til dramatisk skriving! 

Kurset er tilpassa ulike nivå av erfaring innan scenetekst og for fleire fasar av ein skriveprosess; frå idéstadiet til finsliping av teksten.

Ta med deg skrivesaker, både datamaskin og kulepenn går an. 
Ta gjerne med ein eller fleire idear som du ønskar å dele og utvikle.

Antall deltakarar: maks 8

Kurset er gratis, bindande påmelding. Lunsj vil bli servert.