Logen dyrehage

(Frontlosjen gjer oppmerksam på innslag av spoiling)

Det er litt rart å stille opp for å sjå barneteater utan å vere med nokon ungar sjølv. Vi passa liksom ikkje heil tinn høgdemessig. Men Ragnhild prøvde å gli inn i mengda med same typen skinnjakke som halvparten av ungane, og Ingrid bonda med ein kid som leika stiv heks med ho i billettkøen. Dessutan såg vi at fleire ungar hadde med seg sjokolade på teatret – det skal vi òg byrje med.

Hordaland teater uttalar at Dyrehagen Hardanger er storsatsinga for born denne våren. Oppsettinga er basert på ei forteljing av Jon Fosse og har med både dansarar frå frikar og anerkjende hardingfele-musikarar frå distriktet.

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

Det er ei historie alle (som har vore) born kjenner seg att i. Vi møter seks ungar som leiker dyrehage på låven. Som alltid er det nokon som er meir engasjerte og ivrige enn andre – nok trur faktisk dei er tiger eller apekatt. Nokon sjefar meir enn andre og blir sur når bjørnen pratar – bjørnar kan jo ikkje prate, dei seier berre «brum»! Andre må støtt vere det kjipe villsvinet som berre søv. Og når ein endeleg har funne noko å fôre alle dyra med, ja da er alle lei og gidd ikkje leike meir.

Form og fantasi er fine stikkord,og store delar av handlinga er dansenummer til livlig folkemusikk. «Dyra» dansar både laus og breakdance, men berre når dyrepassarane ikkje ser dei. Dette gjer seg bra både i forteljande parti og som reine showstops. Fire musikarar kjem inn kvar gong dei vil danse, og her ser ein eit av dei meir vellukka grepa i oppsettinga: veggane rundt handlingsrommet består av loddrette, elastiske band som gjer at aktørane berre kan skyve dei til sides å gå «rett gjennom veggen». Dette gjer at vi kjøper dei som abstrakte element i handlinga, noko som også blir understreka gjennom kostymeval og blåmåla kinnbein. Vi vil òg ha ein felespelar med slengbuksedrakt og platåsko!

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

I det heile kan vi oppsummere at både dans, scenografi og spel overbeviste, og viss vi skulle plukke på noko måtte det vere at aktørane prata litt utydleg i starten – vi høyrte ikkje alt dei sa. Og så er brune bananar ekle, æsj!

Ein skulle tru at Jon Fosse sitt språk blir vel utilgjengeleg i form av barneteater – men tvert i mot. Ungar likar repetisjon, det har vi sett på teletubbies – om igjen, om igjen! Kor mange gonger dei gjentek at dei må ut å leite etter tigeren Knut eller at dei ikkje har pengar til bananar slik at dei kan fôre dyra veit ikkje vi, men det gir kanskje ein tryggleik i historia. Eller er det kanskje fordi det er nettopp slik det er. Vi leikar i ring og kjem ingen veg før nokon har gått lei. Kan hende er det lettare for ungar å bli vant til språket til Fosse, sidan dei enno ikkje er låst i samfunnets konversasjonskonnotasjonar, eller kanskje fordi dei har meir fantasi.

Frontlosjen likar å gå på barneteater, og vi trur ungane likte det òg. Dei satt i alle fall rolege og følgde med, og skratta når det var morosamt. Når nokon bråka og knitra med papir, var det som regel dei vaksne.

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

Dramatisering: Jane Rasch (etter Jon Fosse) - Regi: Trond Birkedal, Sigurd Aae Klausen - Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes - Koreografi: Sigurd Aae Klausen/ Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel - Med: Erlend Hammer Hanssen, Kenneth Homstad, Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel Musikarar: Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim.
(Spel på Logen siste gong i kveld, 29.03, før turen går til Det Norske Teatret)

- Ingrid og Ragnhild

Ludvig Holberg – trønder?

Den store diskusjonen som går er om Ludde er dansk eller norsk – og svaret avheng nok om du spør ein danske eller ein nordmann. For meg er dette spørsmålet i grunnen ikkje så interessant, for min del handlar det mest om kor i Noreg han er frå (eller kor i Noreg namnet hans er frå). Mormora til mi fortalte ein gong at det vart sagt at han hadde namnet sitt frå Skogn (bygda i Trøndelag kor eg er frå), kor ein finn både Holsand, Holberg og Holåsen – haha, artig teori tenkte eg, og begynte å uttale namnet hans som vi gjer i Trøndelag, med trykk på Hol, tjukk L og berg med Æ: bærg: Hôlbærg. Men det skal da vise seg at Ludvig sin far var ein trøndersk offiser, ingen veit nøyaktig kor han var frå, men ein av dei største teoriane blant forskarane er mellom anna at namnet kjem frå Skogn. OK, dette virker kanskje ikkje så interessant for dei fleste, men å legge til Ludvig Holberg saman med Skifantomet Eillar (Eldar Rønning) og ein viss FRP-politikar vi ikkje snakkar så høgt om i lista over kjendisar frå Skogn, blir det straks mykje meir interessant som teatervitar å skryte av heimplassen sin.

Her er eitt knippe bilete frå Skogn:

Her hoppar eg glad og lystig bortover vegen for å besøke mormora mi og sladre om Ludde

I desse traktane har kanskje besteforeldra til Ludde spasert og traktert (utsikt frå kjøkkenvindauget)

Kyr er det mykje av på Skogn. Over åsen i bakgrunnen, til venstre skal visstnok garden Ludde har namnet sitt frå ligge.

- Ingrid

 

Gratulerer med dagen!

I dag feirast den internasjonale teaterdagen!
For tida har alt sin eigen dag, men vi må seie at vi sett meir pris på denne enn på den store byte-tannbørste-dagen, til dømes. Litt fordi det også er whisky-dagen i dag – to markeringar som lett let seg kombinere.

Frontlosjen feirer ved å gi eit klipp frå våre favorittvideoar på internett, Robert Wilson sine Shakespearsonettar.

Her er andre måtar du kan feire dagen på:

  • Spele «Mackie messer» – eller andre favorittar frå tolvskillingsoperaen på fullt volum heile dagen.
  • Bake Sara Bernhard og ete deg kvalm til ære for skodespelarinna.
  • Invitere til selskap og danse tarantella slik som Nora.
  • Ha filmmaraton med dine favorittversjonar av Romeo & Julie, eller andre adapsjonar av Shakespeare. Vi går for «10 ting jeg hater ved deg».
  • Ta med ein gjeng med folk, finne ei eng, ta med store dukker og late som de er Bread & puppet theatre
  • Drikke whisky – sidan det er den internasjonale whiskydagen og.
  • Gå på teater!

- Ingrid og Ragnhild

Rimini, wir haben euch lieb!

Når ein skriv omtalar av teaterframsyningar, er det ein poeng å gå grundig til verks. Ein skal peike på konkrete ting som fungerte, og ikkje minst alt det som kunne ha vore betre. Da sikrar ein seriøsitet. Heldigvis er vi ein rosablogg, og kan skryte uhemma.

Ragnhild tok med seg eit par vakre minne frå scenografien.

For vi var på Bodenprobe Kasachstan i går. Forventningane var skyhøge, men vi kosa oss akkurat like mykje som vi hadde håpa på. Vi starta stilfullt med raudvin i glaset og intellektuell samtale med andre teatervitskapsstudentar, før vi spent sette oss på fyrste rad og tok inn spelelandskapet framfor oss.

Scenografien var enkel: gummimatter som ser ut som ein blanding av asfalt og jord i tilsynelatande tilfeldige haugar på golvet passar godt til tematikken, etter kvart får vi sjå at scenografien gøymer rekvisittar aktørane nyttar utover framsyninga. Ein ergometersykkel synar alt frå starten, samt eit stort lerret bak som visar film og bilete. Scenografien spel ein viktig rolle for å gjere forteljinga spanande – interaksjonen mellom filmane og aktørane på scena er både informativ og kunstnarisk. Til dømes når den eldste av dei syklar på ergometersykkelen, og vi blir vist ein film frå ein veg slik at det ser ut som han er på sykkeltur i Kasakhstan. Scenografien er med og driv historia framover i like stor grad som aktørane – vi likar likestilling av virkemiddel, særleg når det fungerer så godt som det gjer her.

Foto: Dorothea Tuch

Grunnen til at det verkeleg fungerer når Rimini Protokoll lagar dokuteater om Kasakhstan, er den fantastiske bruken av ekspertar på eigne liv. Gjennom ein variasjon av rein forteljing, song og videoopptak får vi eit innblikk i oppveksten og arbeidskvardagen til fem vanlege menneske med tilkyting til landet. No veit vi kor lang tid det tek å drille heilt ned til oljen, men også korleis dei ulike aktørane kom seg til Tyskland. Og så har vi ikkje minst fått innblikk i små draumar og anekdotar frå livet deira, og fått demonstrert alt frå bar-dansing og astronauttrening.

Det er utruleg lett å fatte interesse for eit land kor det vart oppdaga store mengder olje på 1990-talet, eit land der den sittande presidenten fekk 95% av stemmene. Alt vi treng er ein oljetankbilsjåfør, ein solcellemarknadsførar, ein oljeingeniør, ein flyselskapsmedarbeidar som har mista jobben, og ein bardansar frå Tadsjikistan. Saman gjenskaper dei eit Kasakhstan det er lett å bli glad i –historieforteljarane sjarmerte oss i senk frå fyrste stund.

Det hjelp også å høyre litt tysk på scena att – no forstår til og med Ingrid ganske mykje – og ikkje minst få tilbydt ein liten vodkashot undervegs. Vi likar det når servering er ein del av teatereventen.

Rimini Protokoll har det framleis. Varmt, rørande, artig og interessant – rett og slett eit stykke teatermagi.

Begeistringa har enno ikkje gitt seg etter endt oppleving

Av Stefan Kaegi (Rimini Protokoll) – Med Elena Panibratowa, Gerd Baumann, Heinrich Wiebe, Helene Simkin, Nurlan Dussali – Og utruleg mange andre designarar og tekninkarar.

- Ragnhild og Ingrid

Bart er hardt

I desse dagar er det tredje gongen HF-revyen går av staben. Fyrste året gjekk den oss hus forbi, men vi såg den i fjor – og gjett om dei har blitt betre! Fortsett denne framgangen, har HF den beste studentrevyen i Bergen om nokre år (men da er det kanskje berre zombiar att).

Fyrst vil vi berre slå fast at PR-gruppa til HF-revyen har gjort ein formidabel jobb i forkant av årets revy. Ingen på høgden kan ha unngått å få med seg kryptiske bilete av hestar og sjokkrosa hettegensarar på Sydneshaugen. Og så likar vi gratis vaflar. Det fortener dei ei fjær i barten for.

Lausbart følger med programmet.

Det autonome kunstverket er så last year. Ambiens er det nye l’art pour l’art, og det har gjengen i Enden er sær fått med seg. Både med tanke på det lange heste-stuntet i forvegen, og atmosfæren som omkransa framsyninga i tredje etasje på Kvarteret var gjennomført og stilig. Trivelege bart-endarar og rosa detaljar på annakvart antrekk, og ikkje minst eit fantastisk program (som også var billeter-bart). Og ikkje minst: kunne ein nyte eit glas frå bar(t)en inne i salen.

Nedgangstider og undergangsvarsel er i vinden, noko som gjer at det apokalyptiske temaet kjem heilt til sin rett. Alle gjengangarane hadde fått sin plass i manus, og vi fekk servert både maya-kalendar, religiøse domedagskvalar og ragnarokk. Tekstforfattarane hadde gjort ein jamt god jobb i år, med få nedturar og mange godbitar. Men vi sakna den heilt overraskande vrien, og det hadde òg vore fint med eit litt ettertenksamt nummer som får håra til å reise seg på overleppa.

Ragnhild går for tradisjonell bart, Ingrid synast unibrow er meir seksi

Ein revy skal gjerne ha ein raud tråd, i denne revyen finn vi tre – like greitt å heilgardere seg. Barten går igjen, hesten og Djengis Khan. Og den grå lillehammerjakka er alltid like flatterende på ei scene. Så det var vel fire tråder her! Ein skulle tru at dette blir rotete, men her har regien orden i strikkesakene.

Jevnt over er skodespelet godt og truverdig, narkoknekken i knea er så å seie autentisk, skulle tru dei hang fast i Nygårsparken. Men heldigvis kan dei meir enn berre narkoknekk; vere strenge generalar, bygge teppefort og det er ingen tvil om at gud er ei kvinne i ein seksi, raud kjole. Vi skulle gjerne sett at skodespelarane stolar meir på vitsene sine, for dei er gode (vi lo faktisk i kvar sketsj), dei må berre ta seg tid til å levere punsjlines, dei forsvinn fort i grøten.

Hest gjekk att, bassisten sytte for eit gjennomførbart tema

I år som i fjor var bandet noko av det beste i heile revyen. Dyktige musikarar, dansbar(t)e låtar, og kvar fann dei den fyrstegitaristen? Det er ofte dei som driv tempoet framover, og syter for at entusiasmen sitt laust hjå tilskodarane alt før sketsjen har starta. Men mange av songnumra blir dessverre i seigaste laget, noko skrivegruppa bør tenke litt på før dei tyr til kvar einaste klisjé i songboka. Melodiane kunne òg med fordel ha vore lagt opp både ein og to tonar – at skodespelarane kjem så djupt ned på øving betyr ikkje at dei bør synge der. Dei fleste let både penare og treff tonen betre litt høgare i registeret, og sidan alle hadde mygg er ikkje mangel på trykk nokon orsaking.

Dette er absolutt ikkje den dårlegaste revyen vi har sett, og med føresetnadene denne gjengen har hatt tek vi meir enn gjerne av oss barten. Bra jobba! Reknar med å få sjå att høgdepunkta når vi treffast att for post-apokalyptiske saft og bollar i desember ein gong. Til neste gong tipasar vi om å heve opp scena eit hakk og la heller publikumsamfiet vere litt lågare, da ser alle litt betre.

Revysjefen i stil med revyen

Vi hadde ikkje med teaterpelsen denne gongen, så da fekk barten vere erstatning

- Luigi og Mario

Lugnhanasaah Lughasmasa Lugnhna ghna nah

Når ein skriv master, hendar det seg at ein er litt treig med alle andre ting. Som å få med seg framsyningar på det lokale institusjonsteatret, til dømes (og ikkje minst å blogge om dei i etterkant). Slik hadde vi det med Lughnasa som nettopp gjekk på småscenen. Men på fredag – nest siste sjanse – fekk vi endeleg somla oss av garde, og det var det jammen bra vi gjorde.

Fem irske søstre på 30-talet. Foto: DNS/Magnus Skrede

Vi skal innrømme det – ved fyrste augekast verka denne irske seinsommardansen som ein heller traurig affære, noko husmødre frå 50-talet ville likt, eller kanskje 40-talet. Plakaten var skikkeleg døll, og det heile såg ut til å vere satt opp med den hensikt ”å bruke opp” dei kvinnelege tilsette ved DNS (noko som i og for seg er ein ærleg sak, utan at vi skal bevege oss vidare inn på kjønnsproblematikken i teatret her).

Men Lughnasa var ei varm og triveleg forteljing, og slett ikkje kjedeleg. Ensemblet var tett og dyktig, og eit par av dei imponerte oss også. Det var umogleg å ikkje like Ane Skumsvold når ho ga oss ein blanding av forventninger, sinne og forelskelse. Rhine Skaanes har vi aldri sett i ein meir passande rolle – storrøykar og vitsemakar. Generelt er karaktergalleriet veldig bra, alle har ei utvikling utan at det blir for karikert. Regien var det òg lite å utsette på, med spesielt gode grep rundt forteljarrolla i stykket – den gamle mannen som ser attende på det som hende ein seinsommar da han var liten.

Vi elska karakterskildringa til Ane Skumsvold. Foto: DNS/Magnus Skrede

Akkurat scenografien stussa vi litt på i fyrste akt – det såg ut som garden ute på den irske landbygda var i eit funkishus. Men etter pausen vart handlinga flytta utandørs, og scenografien vart lyst opp og gjort meir abstrakt, opne for assosiasjonar. Da fungerte det, men det er fortsatt irriterande når det ikkje fungerte i første akt.

Det er noko med småscenen vi likar veldig godt, forestillingene her synast vi er jevnt over mykje betre enn på store scene. Kanskje har det noko med stykka å gjere? Betre regi? Eller formatet på scena? – småscenen er jo trass alt litt meir intim – og det likar vi.

Fin scenografi, som passa betre inn når han vart lyssatt. Foto: DNS/Magnus Skrede

Oversetter: Edvard Hoem, regissør: Madeleine Røn Juul, scenografi: Manfred Blaimauer, lysdesign: Arne Kambestad, koreograf: Nina Harte, maskør: John Einar Hagen og Tove Ingebrigtsen, dramaturg: Solrun Toft Iversen, Skodespelarar: Stig Amdam, Karl Bomann-Larsen, Katrine Dale, Kirsten Hofset, Martin K. Østesen, Rhine Skaanes, Ane Skumsvold.
PS! Forestillinga slutta å gå på laurdag.

- Ingrid og Ragnhild

Frå fotoarkivet – Arme Riddere

Dette biletet har vi rett nok ikkje gravd så langt bak i arkivet for å finne, men det er så koseleg at vi berre må dele det med dykk. Ragnhild har lenge ønska at ho kunne sitte på første rad når Mannskoret Arme Riddere held konsert – dei likar jo å flørte med sine (kvinnelege) publikumarar. For nokre veker sidan gikk draumen endeleg i oppfylling – og kva er vel ikkje betre enn intimkonsert?

Frontlosjen <3 Arme riddere!